Pepar
Ærleg talt, kan ikkje dei senka volumet litt?!
Folk prøver å slappa av her.
Kajenne
Så kvifor tek du ikkje ansvar og seier ifrå til dei?
Pepar
?!!!
Tullar du?
Dei er tre stykk, og dei ser ut som skikkelege bøller!
Kajenne
Og kva er problemet?
Spark dei ut, som ei ekte kaosah-heks ville gjort.
Pepar
Så var det den visa att ...
Vald er liksom løysinga på alt!
Kan du ikkje for ein gongs skuld føreslå ei fredeleg løysing?!
Det er som om ho ikkje høyrde kva eg sa ...
Greitt, lat oss prøva å løysa dette på ein meir OPPFINNSAM måte.