Minotaurkrigar
EG ELSKAR SLIKE GAMLE LEGENDER.
BERRE SÅ SYND DEI ALLE ER USANNE.
Lyd
KLAPP!
KLAPP!
Reptilkrigar
VENT LITT!
KVA OM DENNE ER SANN?
Hyenekrigar
VER IKKJE TÅPELEG – DET ER BERRE EI SEGN.
Minotaurkrigar
JA, TRU MEG – DET FINST IKKJE NOKA MAGISK ØKS EIN BERRE KAN HENTA.
Pepar
Ååh ... Det verka ikkje på dei!
Kajenne
Imponerande kor hardt du er villig til å arbeida berre for å halda det skjult at du er tom for rea.
Ei heks utan rea ...
Ynkeleg!
Kanskje endå meir ynkeleg enn det vesle song-nummeret ditt.
Eg gjetta det så snart du ville ta ein pause ...
Heilt tom for rea etter berre éin dag på sopelimen – ikkje eingong nok til ein enkel trylleformel.
I månadsvis har du forsømt hekseopplæringa, og no har du nådd botnen.