Kajenne
Høyr her: Gå og snakk med dei.
Viss du berre kjenner deg modig når du har trolldom klar, så er du ikkje modig.
Du berre gøymer deg bak trolldommen.
Pepar
Men ...
Viss eg seier noko, vil dei berre avfeia meg ...
... eller kanskje banka meg.
Kajenne
Banka deg?
Tøv!
Det veit du ikkje.
Det er frykta di som talar.
Røynda er mykje meir kaotisk enn du kan tenkja deg.
Pepar
...
Hyenekrigar
ÆRLEG TALT – DETTE KAN IKKJE KALLAST ØL!
DET ER SOM OM NOKON BERRE HELTE VATN I EI BALJE MED URTER OG SA SEG NØGD MED DET!