# Transcript of Pepper&Carrot Episode 39 [nn] for more information and documentation. Tittel: Episode 39: Vertshuset --- Page 01 Pepar: Kan me stoppa litt? Pepar: Denne «sopelimen» er så vond å sitja på. Kajenne: Me kan gje oss for dagen og overnatta der nede. Kajenne: Kanskje du kan få fatt i ein skikkeleg sopelime og nokre nye klede der? Skrift: EKKOET Skrift: VERTSHUS --- Page 03 Lyd: DINGELING! Minotaurkrigar: ... OG DÅ DU SKREIK «UÆÆÆÆÆÆH!!!», DET VAR DÅ EG KASTA FRÅ MEG ØKSA!! Hyenekrigar: ER DET SANT?! Reptilkrigar: HA-HA-HA! OG HO FÓR RETT FORBI MEG! Minotaurkrigar: KROVERT! Minotaurkrigar: DEN STØRSTE ØLEN DU HAR! Hyenekrigar: Å JA! Hyenekrigar: TO! Reptilkrigar: TRE! Reptilkrigar: OG VER KJAPP! Lyd: Bank! Lyd: Trom! Lyd: Trom! Lyd: Bank! Minotaurkrigar: SKÅL! Hyenekrigar: SKÅL! Reptilkrigar: SKÅL! Minotaurkrigar: OG VEIT DE KVA SOM SÅ HENDE? Reptilkrigar: NEI, MEN DU LÈT OSS NOK IKKJE VENTA I SPENNING! Hyenekrigar: MUHAHAHA!!! Hyenekrigar: STEMMER DET! Minotaurkrigar: JO, ØKSA SPRATT TILBAKE DÅ HO LANDA, OG LYDEN DISTRAHERTE DEI HERSENS VESENA! Reptilkrigar: HA, JA, OG DÅ FEKK EG SJANSEN TIL Å ANGRIPA, SJEF! --- Page 04 Pepar: Ærleg talt, kan ikkje dei senka volumet litt?! Pepar: Folk prøver å slappa av her. Kajenne: Så kvifor tek du ikkje ansvar og seier ifrå til dei? Pepar: ?!!! Pepar: Tullar du? Pepar: Dei er tre stykk, og dei ser ut som skikkelege bøller! Kajenne: Og kva er problemet? Kajenne: Spark dei ut, som ei ekte kaosah-heks ville gjort. Pepar: Så var det den visa att... Pepar: Vald er liksom løysinga på alt! Pepar: Kan du ikkje for ein gongs skuld føreslå ei fredeleg løysing?! Pepar: Det er som om ho ikkje høyrde kva eg sa... Pepar: Greitt, lat oss prøva å løysa dette på ein meir OPPFINNSAM måte. --- Page 05 Pepar: Kom hit, djerve menn, og lytt til mitt kvad... Pepar: ... om den MAGISKE ØKSA med sylskarpe blad. Minotaurkrigar: DEN MAGISKE ØKSA...? --- Page 06 Pepar: De finn ho i tempelet nord for vår kro, Pepar: der vindane ular og aldri finn ro. Pepar: Berre i kveld er ho mogleg å nå. Pepar: Søkjer de øksa, de snarast må gå. Pepar: Med øksa så styrer du lagnaden din – Pepar: fiendar flyktar, alle kampar du vinn. Pepar: Så legg no i veg full av djervskap og mot. Pepar: Finn vegen til øksa, ver snare på fot. Publikum: KLAPP! --- Page 07 Minotaurkrigar: EG ELSKAR SLIKE GAMLE LEGENDER. Minotaurkrigar: BERRE SÅ SYND DEI ALLE ER USANNE. Lyd: KLAPP! Lyd: KLAPP! Reptilkrigar: VENT LITT! Reptilkrigar: KVA OM DENNE ER SANN? Hyenekrigar: VER IKKJE TÅPELEG – DET ER BERRE EI SEGN. Minotaurkrigar: JA, TRU MEG – DET FINST IKKJE NOKA MAGISK ØKS EIN BERRE KAN HENTA. Pepar: Ååh... Det verka ikkje på dei! Kajenne: Imponerande kor hardt du er villig til å arbeida berre for å halda det skjult at du er tom for rea. Kajenne: Ei heks utan rea... Kajenne: Ynkeleg! Kajenne: Kanskje endå meir ynkeleg enn det vesle song-nummeret ditt. Kajenne: Eg gjetta det så snart du ville ta ein pause... Kajenne: Heilt tom for rea etter berre éin dag på sopelimen – ikkje eingong nok til ein enkel trylleformel. Kajenne: I månadsvis har du forsømt hekseopplæringa, og no har du nådd botnen. --- Page 08 Kajenne: Høyr her: Gå og snakk med dei. Kajenne: Viss du berre kjenner deg modig når du har trolldom klar, så er du ikkje modig. Kajenne: Du berre gøymer deg bak trolldommen. Pepar: Men... Pepar: Viss eg seier noko, vil dei berre avfeia meg... Pepar: ... eller kanskje banka meg. Kajenne: Banka deg? Kajenne: Tøv! Kajenne: Det veit du ikkje. Kajenne: Det er frykta di som talar. Kajenne: Røynda er mykje meir kaotisk enn du kan tenkja deg. Pepar: ... Hyenekrigar: ÆRLEG TALT – DETTE KAN IKKJE KALLAST ØL! Hyenekrigar: DET ER SOM OM NOKON BERRE HELTE VATN I EI BALJE MED URTER OG SA SEG NØGD MED DET! --- Page 09 Minotaurkrigar: OG KORLEIS TRUR DU DET ER DEI LAGAR ØL?! Hyenekrigar: DET ANAR EG IKKJE – OG IKKJE TRENG EG VITA DET HELLER! Minotaurkrigar: DÅ KAN EG OPPLY... Pepar: Folkens! Pepar: Kan de prøva å vera litt stille? Pepar: Nokre av oss prøver å ha ein roleg kveld her! Minotaurkrigar: KVA?!!! Pepar: Vis mot, Pepar, vis mot! Pepar: Eg sa: Pepar: Kan de prøva å vera litt stille? Pepar: Nokre av oss prøver å ha ein roleg kveld her! --- Page 10 Hyenekrigar: OI SANN! Hyenekrigar: Snakka me høgt? Reptilkrigar: Kjære vene! Reptilkrigar: Takk for at du sa ifrå. Minotaurkrigar: Ja, tusen takk. Minotaurkrigar: Den ville kampen med dei hyleåndene i dag må visst ha gått ut over høyrselen vår. Minotaurkrigar: Me er leie for bråket. Minotaurkrigar: Kom an, gutar! Minotaurkrigar: Me set oss utanfor. Publikum: Takk! Publikum: Godt jobba! Publikum: KLAPP! --- Page 11 Kajenne: Ser du? Kajenne: Det var ikkje så vanskeleg. Pepar: Sant. Kajenne: Misnøgd? Kajenne: Å, eg skjønar. Eg høyrde dei fortalde om hyleåndene. Og no vil du gå ut til dei for å høyra meir, ikkje sant? Kajenne: Så gå medan dei framleis er her! Pepar: Tusen takk, meister Kajenne! Skrift: – SLUTT – --- Page 12 Bidragsytarar: Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Pepar: Takk til dei 1106 som støtta denne episoden! Pepar: Visste du dette? Pepar: 12. november 2025 Teikningar og forteljing: David Revoy. Omsetjing til nyorsk: Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Medverknad: Christian Aribaud, Emmiline, Nicolas Artance, Ollivier Jolly, Rimas Kudelis og Valvin. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Forfattarar: Craig Maloney, Nicolas Artance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 5.2.9 og Inkscape 1.2 på Debian 12 KDE. Lisense Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com Pepar: Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Pepar: Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Pepar: Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay... Pepar: Tusen takk!