Title
Episode 32: På slagmarka
side 1
side 2
King
Adjutant! Fekk du tak i ei heks, slik eg bad om?
Officer
Ja, herre! Ho står der, rett ved sida av deg.
King
...?
Pepper
Hei! Eg heiter Pep...
King
?!!
TOSK!!! Kvifor har du fått tak i eit barn?! Eg treng ei skikkeleg slagmarksheks!
side 3
Pepper
Høyr no her! Eg er ei ekte kaosah-heks. Her har eg eit vitnemål som ...
Writing
Kaosah- vitnemål Kajenne
~forPepar~ Karve Timian
STILLE!
King
Eg har ikkje bruk for ungar i hæren min.
Stikk heim og leik med dokkene dine. Klaps!
Sound
HA-HA, HA-HA!
side 4
Pepper
Det er ikkje til å tru! No har eg studert i kjempemange år, men ingen tek meg alvorleg, fordi ...
... eg ikkje ser røynd nok ut!
Sound
POFF!!
Pepper
GULROT!
Sound
PAFF!!
side 5
Pepper
Verkeleg, Gulrot? Eg håpar maten var verd det. Du ser fæl ut ...
... Du ser ...
Korleis du ser ut! Sjølvsagt!
Sound
Knekk!
side 6
Pepper
HEI! Eg høyrer de er på utkikk etter ei EKTE HEKS ?!
side 7
King
Nei, forresten, be den jentungen koma tilbake. Ho her er sikkert altfor dyr ...
Writing
FRAMHALD FØLGJER ...
side 8
Credits
Tusen takk!
Pepper
Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 121 som støtta denne episoden!
31. mars 2020 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Craig Maloney, Martin Disch, Arlo James Barnes, Nicolas Artance, Parnikkapore, Stephen Paul Weber, Valvin og Vejvej. Omsetjing til nynorsk: Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer . Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson . Programvare: Krita 4.2.9-beta og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 19.10. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Visste du dette? Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon!