Ei teikneseriestripe med fire ruter:
Rute 1: Ei vakker havfrue sit på eit skjer og spelar på ei lyre. Ho sit med auga attlatne og har eit melankolsk uttrykk i fjeset.
Rute 2: Fugleperspektiv: Mange små båtar samlar seg rundt havfrua, lokka av den vakre melodien.
Rute 3: Havfrua bukkar blygt til den entusiastiske applausen frå sjøfolka i båtane.
Havfrue: Tusen takk …
Rute 4: Havfrua ropar sint til sjøfolka. Fiskar, krabbar og ein hai kastar boss frå havet oppi båtane.
Havfrue: … Og når eg no har merksemda dykkar: Hald opp med å skitna til havet, og ta bosset med dykk heim att!