5. Altfor ofte
Rute 1. Ein kamp mellom ein illsint drake og ein krigar med eit magisk eldsverd. Me er i ei glenne i ein tett skog – bada i det varme lyset frå ettermiddagssola.
Rute 2. Nærbilete av sverdet som parerer eit åtak frå klørne til draken. Men krigaren vert distrahert: Sverdet snakkar til han!
Sverd: Me har ei oppdatering til deg. Installerer!  
Krigar: Uæh!!!
Rute 3. Krigaren trekkjer seg litt unna og ser panikkslagen på sverdet. Rundt det krinsar magiske strålar som ser ut til å koma frå ein annan stad. Strålane glødar i blått. Draken forstår ikkje heilt situasjonen, men ser undrande på det heile.
Sverd: 80 % … 90 % …  
Krigar: Nei, nei, nei, nei, NEI!
Rute 4. Krigaren ser på resultatet med tårer i auga: Sverdet er brote i to. Sverdbladet ligg på bakken. Draken forstår at han har vunne. Han får eit olmt uttrykk, og auga lyser raudt medan han byggjer opp eld i den glisande drakekjeften. Sverdet held fram med å tala, men orda er forvrengde.
Sverd: Oppdatering fullført. Ver så god!
Offentleggjord 2024-05-29.

Støtt dei frie nettseriane mine, med opne kjelder, her:

Følg forfattaren her:
Kjelde­filer: Teikningar: 005.zip (Krita KRA, 101.84MB )
Snakke­bobler: MiniFantasyTheater_lang-pack.zip (Inkscape SVG, 13.98MB)
Git-depot

Eksport for trykking Teikningar og tekst
Berre teikningar
Berre tekst (PDF)
Berre tekst (PNG)
Berre tekst (SVG)
Kjelde­tilvising:
Kunst: David Revoy.   Scenario: David Revoy.
Omsetjing: [Norsk (nynorsk)] Karl Ove Hufthammer, Arild Torvund Olsen.

Du finn meir informasjon om mønster­praksis for kjelde­tilvising/namn­gjeving i dokumentasjonen.