7. Dunning–Kruger-effekten
Rute 1: Ein skoddefull kveld. Ein unggut av ein riddar, dårleg utrusta med for store bukser, berr overkropp, tresverd, treskjold og rusten hjelm, kaukar i overmot utanfor ei hòle.
Riddar: Herskar av drakane! Eg utfordrar deg til duell mot MEG, den største riddaren i heile kongeriket!!! Ingen slår meg i fektekunst!!!
Rute 2: Draken kjem roleg ut av hòla. Berre den store snuten er synleg, medan resten av hovudet framleis er i skuggen. Han er gigantisk, men ikkje rasande, berre lei av å verta uroa slik. Riddaren held fram:
Riddar: Du er vitskremd, ikkje sant?! Det bør du vera! Eg er skremmande! Kom fram!!! Feiging!!!
Rute 3: Draken har kome ut, og han er uhorveleg stor. Riddaren, som til samanlikning vert som ein liten maur, går til åtak på tåneglene hans. Draken står i lyset frå ein episk fullmåne og ensar knapt åtaka.
Riddar: Ta den! Og den!  
Partnaren til draken (ute av syne, frå inne i hòla): Kven er det, kjære?
Rute 4: Nærbilete av draken som snur seg mot hòla for å svara partnaren.
Herskar av drakane: Ikkje nokon viktig. Som vanleg berre ein altfor sjølvsikker fersking som overvurderer eigne evner. Ein klassisk menneskeleg feil.  
Riddar (utanfor biletet): Og den! Og den!
Offentleggjord 2024-06-12.

Støtt dei frie nettseriane mine, med opne kjelder, her:

Følg forfattaren her:
Kjelde­filer: Teikningar: 007.zip (Krita KRA, 89.27MB )
Snakke­bobler: MiniFantasyTheater_lang-pack.zip (Inkscape SVG, 13.98MB)
Git-depot

Eksport for trykking Teikningar og tekst
Berre teikningar
Berre tekst (PDF)
Berre tekst (PNG)
Berre tekst (SVG)
Kjelde­tilvising:
Kunst: David Revoy.   Scenario: David Revoy.
Omsetjing: [Norsk (nynorsk)] Arild Torvund Olsen, Karl Ove Hufthammer.

Du finn meir informasjon om mønster­praksis for kjelde­tilvising/namn­gjeving i dokumentasjonen.