11. Livsens gåve
Rute 1: Den unge heksa Pepar sit ved pulten sin og skriv med fjørpenn. Ho ser mismodig ut, og det tomme arket framfor henne tyder på at ho manglar inspirasjon. På veggen heng ein kalender der morgondagen er innsirkla med raudt og har teksten «Leveringsfrist». Det er opp til lesaren å tenkja seg til kva Pepar må skriva ferdig innan fristen.
Rute 2: Brått syner det seg ei mektig gudinne framfor Pepar. Ho er omsveipt av logar av reint lys. Pepar er fjetra av synet av denne vakre gudinna som strålar av lys og liv.
Pepar: Kven … Kven er du?!
Rute 3: Gudinna bøyer seg mot Pepar medan ho utfører magi med hendene og skapar ein rund, lysande gjenstand. Gledesstrålande seier ho:
Livsgudinna: Eg er livsgudinna. Eg er her for å gje deg ei spesiell gåve.
Rute 4: Gåva frå gudinna er ein sitron. Gudinna ser kry og glad ut. Pepar ser skuffa og oppgjeven ut.
Pepar: Sjølvsagt …  
Livsgudinna: Håpar det smakar.
Denne stripa er ein referansen til ordtaket «Når verda gjev deg sitronar, lag limonade!».

Bonus: Timelapse

While I'm painting, Krita periodically takes a snapshot of the process. Here is a video compilation of all the snapshots for this episode, accelerated a lot (an episode takes between 10 and 16 hours to complete).

Offentleggjord 2025-07-22.

Støtt dei frie nettseriane mine, med opne kjelder, her:

Følg forfattaren her:
Kjelde­filer: Teikningar: 011.zip (Krita KRA, 139.13MB )
Snakke­bobler: MiniFantasyTheater_lang-pack.zip (Inkscape SVG, 13.98MB)
Git-depot

Eksport for trykking Teikningar og tekst
Berre teikningar
Berre tekst (PDF)
Berre tekst (PNG)
Berre tekst (SVG)
Kjelde­tilvising:
Kunst: David Revoy.   Scenario: David Revoy.
Omsetjing: [Norsk (nynorsk)] Karl Ove Hufthammer, Arild Torvund Olsen.

Du finn meir informasjon om mønster­praksis for kjelde­tilvising/namn­gjeving i dokumentasjonen.