14. Tryggleik

Offentleggjord 2025-08-13.
Avskrift

Tryggleik

Ei teikneseriestripe med fire ruter:

Rute 1: Ein trollmann står framfor porten til ein stor, mørk festning. Vakta på festningsmuren ropar:

Vakt: Stans, framande! Kan du passordet?
Trollmann: Ja, det er MørkeHerre123!

Rute 2: Nærbilete av vakta, som kjem med ein ny prøve:

Vakt: Og tryggleikskoden me sende til adressa di?
Trollmann: Å, ja, den har eg her: 75482.

Rute 3: Vakta held fram ein stor plakat. Det er bilete av ein hest i naturen, med eit rutenett over. Laserpeikaren til trollmannen markerer alle rutene med delar av hesten på.

Vakt: No kan du bruka trolldommen din til å visa meg rutene med hest på. Bra!

Rute 4: Trollmannen er tydeleg lei av desse evinnelege prøvane, og opnar munnen for å seia noko.

Vakt (utanfor biletet): Og så kan bevisa at du er vaksen ved å lukka og opna munnen din.
Trollmann: Seriøst …?

Denne stripa er ein satire over alle tryggleiks­mekanismane me må gå gjennom på Internett i 2025: brukarnamn og passord, tofaktor­autentisering, captcha-testar og alders­stadfesting via nettkamera.