15. Innstillingar

Offentleggjord 2025-08-20.
Avskrift

Innstillingar

Ei teikneseriestripe med fire ruter:

Rute 1: Ei prinsesse sit på kne og held rundt ein riddar som er i ferd med å døy.

Prinsesse: Å nei, riddaren min! Du kan ikkje døy frå meg!
Riddar: Det er … for seint … eg har mista så mykje blod …

Rute 2: Medan riddaren er i ferd med å trekkja sitt siste sukk, får prinsessa ein lys idé.

Prinsesse: Vent litt … Sjølvsagt!
Riddar: gispar

Rute 3: Prinsessa trekkjer ned frå lufta eit stort kontrollpanel med overskrifta «Innstillingar». Ho brukar fingeren til slå brytaren for «Blod» frå PÅ til AV. Andre innstillingar på kontrollpanelet er «Musikk», «Lydeffektar», «Minikart» og «Språk».

Rute 4: Prinsessa ser gledestrålande ut, og riddaren reiser seg forfjamsa opp. Det er ikkje lenger noko blod på rustninga hans!

Riddar: Jøss! Kva slags trolldom er dette?!