18. Kjelen med gunstig intelligens (KGI)

Offentleggjord 2025-09-10.
Avskrift

Kjelen med gunstig intelligens (KGI)

Ei teikneseriestripe med fire ruter:

Rute 1: Me ser ein gigantisk kjele, stor som ein bygning. Framme på kjelen er det eit fjes med lukka auge og munn. Ved hjelp av eit stillas klatrar ei gruppe trollmenn opp og kastar bøker i den nesten fulle kjelen.

Trollmenn: Alle trolldomsbøkene våre til kjelen med gunstig intelligens!

Rute 2: Trollmennene høgg ned tre, kjem med trestammar og kastar dei på bålet for å fyra opp under den gigantiske kjelen..

Trollmenn: Alle skogane våre til kjelen med gunstig intelligens!

Rute 3: Trollmennene har samla seg rundt den ruvande kjelen, som så vidt har opna auga og munnen, som no gløder raudt. Trollmennene jublar:

Trollmenn: Verda vår døyr. O kjele med gunstig intelligens, del kunnskapen din med oss!

Rute 4: Kjelen smiler varmt og svarar. Trollmennene vert forvirra av svaret …

Kjelen: Ifølgje geologar bør ein eta minst éin liten stein dagleg.
Trollmennene: … … …