19. Hugselista

Offentleggjord 2025-09-17.
Avskrift

Hugselista

Ei teikneseriestripe med fire ruter:

Rute 1: Ei ung heks, Pepar, lener seg over senga og rissar noko inn i sengeramma med eit stemjern: «HUGSELIS…». I soveromsdøra står den gamle heksa Kajenne med eit undrande uttrykk.

Kajenne: Kva er det du driv med?

Rute 2: Pepar, som no er ferdig med å rissa inn teksten «HUGSELISTA», ser nøgd opp på skeptiske Kajenne.

Pepar: Ser du ikkje det? Eg har gjeve senga mi namnet «HUGSELISTA»!

Rute 3: Kajenne klør seg i hovudet og slit med å skjøna.

Kajenne: Men kvifor det …?

Rute 4: Pepar legg seg under dyna med vidopne auge, som om ho tenkjer attende på noko traumatisk. Då Kajenne får høyra forklaringa, gøymer ho fjeset i handflata, oppgjeven av logikken.

Pepar: Du skjønar: Kvar gong eg prøver å sovna, tek eg til å hugsa alt eg har å gjera!