20. Kjelen med gunstig intelligens (KGI) – del 2

Offentleggjord 2025-09-24.
Avskrift

Kjelen med gunstig intelligens (KGI) – del 2

Ei teikneseriestripe med fire ruter:

Rute 1: Frå fugleperspektiv ser me kjelen med gunstig intelligens. Oppi kjelen er det fullt av bøker, og ein trollmann i gult står oppå bøkene. Han ropar til ei gruppe med raudkledde trollmenn som står nedanfor kjelen og ser opp. Ei anna gruppe raudkledde trollmen ber med seg bøker ut av kjelen. Den eine boka har ein løk på omslaget (referanse til satireavisa The Onion), og ei anna har Reddit-maskoten.

Trollmann i gult: Ja, no har eg teke ut nokre trolldomsbøker for å finjustera han. Svara han gjev, bør verta betre no!

Rute 2: Trollmennene står ved foten av kjelen, elden brenn kraftig, og dei løftar hendene og messar:

Trollmenn: Verda vår døyr. O kjele med gunstig intelligens, del kunnskapen din med oss!

Rute 3: Kjelen tek til å tala, denne gongen veldig alvorleg, medan trollmennene står som fjetra og høyrer på det som vert sagt.

Amfora: Slutt med profittjag, gjer dykk mindre avhengige av fossilt brensel, og prioriter å reparera og resirkulera, ikkje produsera.
Trollmenn: … … …

Rute 4: Ein tydeleg misnøgd raudkledd trollmann kjeftar på den trollmannen i gult, som verkar overraska:

Trollmann i raudt: Eg likar ikkje det her. Juster han på nytt!