22. Kentauren og havfrua

Offentleggjord 2025-10-08.
Avskrift

Kentauren og havfrua

Ei teikneseriestripe med fire ruter:

Rute 1: Ei ven havfrue og ein ung kentaur møtest ved stranda. Dei ser på kvarandre.

Rute 2: Nærbilete av dei to. Båe snur seg raudnande vekk.

Rute 3: Seinare sit dei to side ved side og ser på solnedgangen saman. Dei er no eit par.

Forteljar: Nokre år seinare …

Rute 4: Det lukkelege paret ser på dei to borna sine, som leikar i vatnet. Borna er halvt menneske og halvt sjøhest.