Ei teikneseriestripe med fire ruter:
Rute 1: I mørket, med vage grøne vekstar i bakgrunnen, står eit svært, sølvfarga sverd i ein stråle av lys. Det er fint utsmykka og står planta med sverdbladet halvvegs ned i ein pidestall som ser ut som ein stein. Ei lita krigarmus og ei magikarmus er på veg forbi, men det svære sverdet fangar merksemda til krigarmusa.
Rute 2: Krigarmusa er alt oppå pidestallen og freistar av alle krefter å dra ut sverdet. Magikarmusa kjenner og snusar litt på pidestallen.
Rute 3: Krigarmusa fekk det til og løftar sverdet med eit smil. Magikarmusa har knekt av ein bit av pidestallen. Ei sterk lukt frå biten treffer nasen hennar.
Rute 4: Magikarmusa lyser opp området med trollstaven sin. Dei er i røynda på eit ostefat, og «sverdet» var berre ein kniv som var stukken ned i ein ost med grå, steinaktig skorpe. På fatet er det roquefort, sveitserost og druer, og i bakgrunnen ligg ein salat. Magikarmusa har hjarte i auga, og krigarmusa er overraska over oppdaginga.