25. Overrasking på gravplassen (halloween-spesial)
Rute 1: Nattestid på ein skoddelagd gravplass. Blant kalde, gamle gravsteinar står ein kvinneleg daudemanar med trollstav i handa. Ho er er vend mot ein krigar som står med sverdet heva, klar til kamp.
Daudemanar: Muahahaha! Du vågar angripa ein daudemanar på ein gravplass – vitlause tosk!
Rute 2: Daudemanaren løftar armane og staven og kastar ein trolldom. Eit mystisk lys spreier seg langs bakken, og fleire skjelett stig sakte opp av gravene sine.
Daudemanar: Skjelett! Stå opp frå dei daude!
Rute 3: Skjeletta ser venleg på kvarandre. Eit ungt skjelett kastar seg om halsen på eit eldre, og ingen ser ut til å ensa daudemanaren. Dei verkar alle forbausa og oppglødde. Daudemanaren skjer grimasar; det var tydelegvis ikkje dette ho hadde venta.
Skjelett 1 (ein vaksen): Hei, småen? Er det deg?  
Skjelett 2 (eit barn): Besten?!  
Skjelett 3 (held kjærleg handa til eit anna skjelett): Kom, kjære. Alle er samla.  
Skjelett 4 (gammal, med stokk): Hallo, ungdommar!
Rute 4: Daudemanaren står skjemd og med armane ned langs sida. Dei fem skjeletta har flokka seg saman, medan krigaren rullar rundt på bakken og skrattler av daudemaninga som ikkje gjekk som ho skulle.
Daudemanar: Å, eg hatar slike små familiegravplassar!

Bonus: Timelapse

While I'm painting, Krita periodically takes a snapshot of the process. Here is a video compilation of all the snapshots for this episode, accelerated a lot (an episode takes between 10 and 16 hours to complete).

Offentleggjord 2025-10-29.

Støtt dei frie nettseriane mine, med opne kjelder, her:

Følg forfattaren her:
Kjelde­filer: Teikningar: 025.zip (Krita KRA, 107.76MB )
Snakke­bobler: MiniFantasyTheater_lang-pack.zip (Inkscape SVG, 13.98MB)
Git-depot

Eksport for trykking Teikningar og tekst
Berre teikningar
Berre tekst (PDF)
Berre tekst (PNG)
Berre tekst (SVG)
Kjelde­tilvising:
Kunst: David Revoy.   Scenario: David Revoy.
Omsetjing: [Norsk (nynorsk)] Karl Ove Hufthammer, Arild Torvund Olsen.

Du finn meir informasjon om mønster­praksis for kjelde­tilvising/namn­gjeving i dokumentasjonen.