26. Vaktaren av forboden kunnskap

Offentleggjord 2025-11-05.
Avskrift

Vaktaren av forboden kunnskap

Ei teikneseriestripe med fire ruter:

Rute 1: I ein mørk tronsal sit kong Konstad på ei trone, med vakter og store statuar rundt seg. Øvstetrollmann Albrus kneler framfor trona.

Øvstetrollmann Albrus: Uroa deg ikkje. Alle bøkene du bad om å få øydelagt, har eg personleg teke meg av. Kong Konstad: Det er godt, Albrus.

Rute 2: Albrus står opp og forlèt tronsalen. Utanfor står trollmanns­assistenten hans, som slår følgje.

Rute 3: Då dei har kome utanfor slottsporten, grip assistenten ordet. Han verkar verkar overraska og nysgjerrig.

Assistenten til Albrus: Men du destruerte jo ikkje bøkene; du berre gav dei til heksa i nord?

Rute 4: Dei to er no komne eit stykke ut på slottsbrua. Albrus avslører filosofien sin:

Øvstetrollmann Albrus: Konstad er kongen min, men kongar kjem og går, og kunnskap er min gud …

Opphavleg #mikrofiksjon:

"Fear not," said the high wizard Albrus to King Konstad. "All of the books which you have asked to be destroyed, I have taken care of them personally."

The king beamed. "Well done, Albrus!"

As they left the throne room, the wizard's assistant said, "But you did not destroy those books. You merely gave them to the Witch of the North."

"Konstad is my King," said the wizard. "But kings come and go, and knowledge is my god...."

CC BY-SA, kreditering til 🦋ShouldbeWriting🦋 ( @vanellopemint@mastodon.art ). Innlegg lagt ut 21. oktober 2025 klokka 15:21.
Kjelde: https://mastodon.art/@vanellopemint/115412361427671211