21. Problematisk fyr
Rute 1: Ein stor menneskeliknande raud drake kledd i dress ligg på ein divan på kontoret til ein liten, puslete einhyrnings­­psykolog. Psykologen sit i ein stol og lyttar til draken. Draken gestikulerer vilt, medan psykologen lyttar tolmodig og noterer.  
Drake: Veit du, eg skjønar det ikkje. Eg er milliardær, eg eig alle media … Så kvifor liker ikkje alle meg?
Rute 2: Psykologen set i gang med ei mogleg forklaring som forfjamsar draken.  
Einhyrningspsykolog: Kanskje av di alt med deg handlar om sinne, kontroll, svik og trugslar?
Rute 3: Draken ser sjokkert ut og snerrar mot psykologen, som er for konsentrert med notata sine til å ensa draken.  
Einhyrningspsykolog: På fagspråket kallar me det å vera ein giftig liten dr…
Rute 4: Etter at draken har gått, sit einhyrningen att åleine på kontoret, brend og dekt av sot.  
Einhyrningspsykolog: Hugs til neste gong: Prøv ei meir varsam tilnærming. Og kjøp ein brannsløkkjar.

Bonus: Timelapse

While I'm painting, Krita periodically takes a snapshot of the process. Here is a video compilation of all the snapshots for this episode, accelerated a lot (an episode takes between 10 and 16 hours to complete).

Offentleggjord 2025-10-01.

Støtt dei frie nettseriane mine, med opne kjelder, her:

Følg forfattaren her:
Kjelde­filer: Teikningar: 021.zip (Krita KRA, 74.82MB )
Snakke­bobler: MiniFantasyTheater_lang-pack.zip (Inkscape SVG, 13.98MB)
Git-depot

Eksport for trykking Teikningar og tekst
Berre teikningar
Berre tekst (PDF)
Berre tekst (PNG)
Berre tekst (SVG)
Kjelde­tilvising:
Kunst: David Revoy.   Scenario: David Revoy.
Omsetjing: [Norsk (nynorsk)] Arild Torvund Olsen, Karl Ove Hufthammer.

Du finn meir informasjon om mønster­praksis for kjelde­tilvising/namn­gjeving i dokumentasjonen.