Støtte

Du lurar kanskje på korfor det er så mange ulike måtar du kan støtta meg på. Gjennom åra har eg meldt meg på ulike platt­former som tilbyr folk å støtta kunstnarar. Eg gjorde dette hovud­sakleg fordi potensielle støtte­spelarar ba meg oppretta profilar på desse platt­formene. I tillegg meiner eg at det å ha fleire kanalar er meir robust, i tilfelle éin av dei vert stengd eller får andre problem.
Liberapay logo

Liberapay

A service for recurring donations to free/libre projects. It's funded by donations to its own account, and doesn't take a cut of payments. → liberapay.com/davidrevoy/
Patreon logo

Patreon

A popular U.S.-based patronage service for supporting creators with recurring donations. Patreon charges a fee of 5%. Most of my supporters choose Patreon. → patreon.com/davidrevoy
Tipeee logo

Tipeee

A European-based patronage service for supporting creators with recurring donations. Tipeee charges a fee of 5%. → tipeee.com/pepper-carrot
Paypal logo

PayPal

Ei kjend teneste der du kan overføra pengar over nettet. Støttar mange ulike valutaar og er tilgjengeleg i dei fleste land. → paypal.me/davidrevoy
Iban

Bank­overføring (IBAN):

Dette alternativet er gratis i Europa, og du kan gjera ei éingongs­betaling eller regel­messige betalingar direkte frå bank­kontoen din. Person­vernet ditt vert òg verna av bankane. Kontoen min er i ein fransk bank, så sjekk med din eigen bank om avgifter dersom du held til utanfor Europa.
IBAN: FR6230002040630000090557K69
 RIB: 30002040630000090557K69
 BIC: CRLYFRPP

Postadresse

Viss du vil overraska meg, er ingen­ting betre enn eit post­kort, eit hand­skrive breve eller ein pakke. Eg deler ikkje heime­adressa mi (grunna tidlegare truslar og uønskte gjestar). Men eg har ein post­boks hos eit tannlege­kontor. Eg vert varsla når det kjem noko der, og denne ordninga fungerer veldig bra.
Her er adressa:
Cabinet Dentaire (pour David REVOY)
135 Avenue des Mourets
82000 MONTAUBAN
FRANCE

Ta kontakt

Har du spørsmål, så er eg her. Du kan senda meg ei personleg melding på sosiale medium (du finn lenkjer nedst på sida) eller ein e-post til: info@davidrevoy.com

Korfor støtte frå deg er viktig

I over ti år har eg delt nett­striper, teikningar, innføringar og ressursar gratis og under frie lisensar. Dette er fordi eg støttar etosen bak fri program­vare og open kjelde­kode, og eg nektar å vera avhengig av opphavs­rett, betalings­murar, reklame og ikkje-fri programvare. Du kan lesa meir om filosofien min her.

Men å skapa og dela alt på denne måten dekkjer ikkje utgiftene mine. Derfor er eg avhengig av penge­gåver frå dykk. Alt dette frie innhaldet eg har kunna laga dei siste åra, er gjort mogleg på grunn av bidrag frå ei lita, men dedikert gruppe støtte­spelarar. Sjenerøsiteten deira kjem alle dei andre lesarane til gode.

Om du òg kan verta ein økonomisk støtte­spelar, vil eg verkeleg setja pris på det. Inntekta mi er avhengig av slike bidrag, og penge­gåver gjer det lettare for å meg å halda fram med å skapa innhald.

− David Revoy
Pepar og Gulrot ser glade ut der dei går heim med bereposar fulle av frukt og grønsaker.