Serieskaparen

Hei, eg er David Revoy, ein fransk kunstnar fødd i 1981. Eg er sjølvlært, med lidenskap for teikning, måling, kattar, datamaskiner, GNU/Linux, fri programvare, fri kultur, Internett, tradisjonelle RPG-dataspel, gammal manga og anime, tradisjonell kunst, japansk kultur, fantasy, …

Etter meir enn ti år som fri­lansar innan­for digital teikning, under­vising og som illustratør for dataspel og animasjons­filmar valde eg å starta mitt eige prosjekt. Endeleg fann eg ein måte å kombinera alle liden­skapane mine – og resultatet er Pepar & Gulrot.

Eg har arbeidd med dette prosjektet sidan mai 2014, med god hjelp frå mange bidrags­ytarar og støtte­spelarar. Du finn ei full­stendig over­sikt over bidrags­ytarane under lisens­menyen.

Bloggen min: www.davidrevoy.com
E-postadressa mi: info@davidrevoy.com


Filosofien bak Pepar & Gulrot

Støtta av lesarane

Pepar & Gulrot er utelukkande finansiert av lesarane, som kjem frå heile verda. Ein lesar som vel å sponsa teikne­serien, betalar litt for kvar nye episode og vert takka i teksten på slutten av episoden. Denne ordninga gjer at Pepar & Gulrot held fram med å vera uavhengig, og nett­staden treng aldri ha reklame eller andre forstyrrande element.

Pepar og Gulrot som får pengar frå publikum.

100 % fri, for alltid, og utan betalingsmur

Alt innhaldet eg lagar om Pepar & Gulrot på denne nettstaden og på bloggen min, er fritt tilgjengeleg for alle. Eg respekterer dykk alle like mykje, anten de har pengar eller ikkje. Alle bonusane eg lagar for sponsorane, vert òg lagde ut her. Pepar & Gulrot vil aldri forlanga betaling eller abonnement for tilgang til nytt innhald.

Gulrot innestengd bak ein betalingsmur.

Open kjeldekode og fri tilgang

Eg ynskjer å gje alle retten til å dela, bruka, byggja og til og med tena pengar på det eg har laga. Alle sidene, teikningane og innhaldet er laga med fri program­vare på GNU/Linux, og alle tilhøyrande kjelde­filer er tilgjengelege her på nett­staden (sjå «Kjeldefiler» og «Lisens»-knappane). Eg oppfordrar til kommersiell bruk, omsetjing, teikningar av figurane, trykte bøker, filmar, data­spel og anna vidare­formidling. Berre hugs å kreditera opphavs­personane (teiknarar, korrektur­lesarar og omsetjarar som har vore med på å laga materialet du ynskjer å bruka), oppgje lenkje/adresse til lisensen og opplys om du sjølv har gjort endringar. Alle rimelege måtar å gjera dette på er greitt, men du kan ikkje gjera det på ein måte som gjer at det verkar som at opphavs­personane støttar deg eller måten du har brukt materialet på. Du finn meir informasjon her: Creative Commons Attribution 4.0 International-lisensen.
Døme på avleidde verk.

Kvalitets­underhaldning for alle, alle stadar

Pepar & Gulrot er ein humoristisk teikneserie for alle, uansett alder. Teikne­serien inneheld aldri vaksen­innhald eller vald. Som ein fri teikne­serie med opne kjelder er Pepar & Gulrot eit flott eksempel på kor kul fri kultur kan vera. Eg legg mykje vekt på kvalitet, etikk og profesjonalitet, sidan fri bruk og opne kjelder ikkje tyder sekunda vare – tvert imot!

Teikneserie­sider som svevar rundt jordkloden.

La oss endra teikneserie­bransjen!

Utan nokon mellom­mann mellom serie­skaparen og publikum betalar du mindre og eg får meir. Du støttar meg direkte. Ingen forlag, distributørar, PR-team eller noko mote­politi kan tvinga meg til å endra Pepar & Gulrot til å passa deira syn på «marknaden». Kan ikkje ein ein­skild suksess forandra ein heil bransje i krise? Me får sjå …

Diagram: På venstre side ser me Gulrot som går glipp av mykje pengar, tekne av mellom­menn. På høgre side er penge­fordelinga meir balansert. Vert fast sponsor