Episode­tittel
Tittel
Episode 22: Røystesystemet
Episode 22: Røystesystemet, Side 1
Ordføraren i Komona
Vår store trolldoms-konkurranse kan endeleg starta!
Skrift
Trolldomkonkurranse
Episode 22: Røystesystemet, Side 2
Ordføraren i Komona
Og takka vere dei geniale ingeniørane våre kan de òg delta!
Ja, det stemmer, mine vener. Sjå nærare på desse teknologiske underverka som publikumsvertane no deler ut!
Det er no de som vel vinnaren! Trykk på den grøne knappen for å gje ein deltakar eit poeng eller på den raude for å gje deltakaren eit minuspoeng.
Kva så med juryen, lurer de kanskje på? Slapp av – me har tenkt på alt!
Jurymedlemmane har fått ein spesial-trykkjar som gjev heile hundre pluss-eller minuspoeng!
Pepar
Jøss!
Episode 22: Røystesystemet, Side 3
Ordføraren i Komona
Og prikken over i-en: Poenga vert viste fram over hovuda på deltakarane!
Skrift
1337
Ordføraren i Komona
Dei tre heksene med flest poeng går vidare til finalen!
Og hugs at vinnaren får med seg fyrste-premien på utrulege ... ... 50 000 Ko!
Publikum
Klapp
Episode 22: Røystesystemet, Side 4
Publikum
Klapp
Gulrot
Trykk
Pepar
Eit fantastisk opplegg, ikkje sant, Gulrot?
Nyskapande ... Underhaldande ... Demokratisk ... ... eit perfekt system!
Me treng ikkje lenger ekspertar til å vurdera kvaliteten! For eit framsteg! Me lever verkeleg i ei fantastisk tid!
Ordføraren i Komona
Har alle funne fram trykkjaren sin?
Publikum
Supert!
Ja!
Jepp!
Ja!
Ja!
Ordføraren i Komona
Bra! La konkurransen ... STARTA!!!
Episode 22: Røystesystemet, Side 5
Ordføraren i Komona
Kamille er fyrste deltakar ut!
Lyd
Dgiiioo ...
Kamille
SYLVESTRIS!
Lyd
Smell!
Publikum
Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk
Episode 22: Røystesystemet, Side 6
Skrift
5861
Ordføraren i Komona
Ei sterk opning av Kamille! Så er det Shichimi sin tur!
Publikum
Klapp
Shichimi
LUX ... MAXIMA!
Lyd
Visssssl!
Publikum
Au!
Ååå!
Auga mine!!!
Buu! Buuu!
Pepar
Gulrot ... Gje henne ei stemme likevel. Ho er jo venen vår ...
Gulrot
Trykk
Publikum
Buuu! Buuu!
Skrift
−42
Ordføraren i Komona
Her vart nok publikum blenda på feil måte av denne «strålande» framvisinga! Me går vidare til Spirulina!
Publikum
Buuuu! Buuu! Buuu! Buu!
Episode 22: Røystesystemet, Side 7
Spirulina
LAUSLATUS KRAKENIS!
Lyd
Flooo!
Splooosj!
Skrift
6225
Ordføraren i Komona
Vakkert! Storslege! Spirulina tek leiinga!
Spirulina & Durian
Klask!
Publikum
Klapp
Koriander
MORTUS REDITUS!
Lyd
Knuuuur!
Skrift
2023
Ordføraren i Komona
Hm, det ser ut til at skjelett ikkje heilt fengjer lenger. Då er det vår eiga Safran sin tur!
Episode 22: Røystesystemet, Side 8
Safran
Grrr! Eg kan ikkje la meg slå av Spirulina! No må eg gje alt!
Hald deg unna, Trøffel!
Lyd
Frrrssj!
Frrrssj!
Skrap!
Trøffel
Mjau!
Safran
SPIRALIS
FLAMMAaaaaaah!
Lyd
Fvvvoooosj!
Svipp!
Fsssj!
Paff!
Safran
?!!
Lyd
Fsssj!
Fsssj!
Safran
Aj-aj-aj!!!
Episode 22: Røystesystemet, Side 9
Safran
Nei, å nei ... Så flautt!
Publikum
Klapp
Safran
?!
Skrift
14 849
Pepar
Trykk
Lord Azeirf
Trykk Trykk Trykk
Skrift
18 231
Ordføraren i Komona
Kom igjen ... Oppfør dykk no! Shichimi og Koriander er ute av konkurransen!
Og Kamille, Spirulina og Safran er vidare til finalen!
Episode 22: Røystesystemet, Side 10
Ordføraren i Komona
Hekser, er de klare for ei siste utfordring?
Set i gang!
Skrift
15 703
19 863
13 614
Publikum
Klapp
Lyd
Dunk!
Pepar
Eg trekkjer tilbake alt eg sa om dette røystesystemet ...
Lord Azeirf
Trykk Trykk Trykk
Forteljar
– SLUTT –
Episode 22: Røystesystemet, Side 11
Bidragsytarar
Mai 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Forbetring av dialogen: Nicolas Artance, Valvin og Craig Maloney.
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Programvare: Krita 3.1.3 og Inkscape 0.92.1 på Linux Mint 18.1
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 864 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy