Episode­tittel
Tittel
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 1
Forteljar
Same kveld ...
Hibiskus
... og i kveld kan me dermed ynskja deg, Shichimi, velkomen som den yngste riddaren av ah.
Koriander
Pepar har enno ikkje dukka opp?
Safran
Nei. Ho må skunda seg. No går ho glipp av talen til Shichimi ...
Shichimi
Tusen takk. Eg vil gjerne ...
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 2
Lyd
ZiooOOOOO
ZiooOOOOO
Pepar
LØØØYPE! Unna veg! UNNA VEG!!!
Lyd
KRASJ!
Pepar
Oi sann! Gjekk det bra? Ingen brotne bein?
Shichimi
Pepar!
Pepar
Hei, Shichimi! Orsak for den dramatiske entréen og for at eg er så sein! Eg har sprunge i heile kveld – men det er ei lang historie.
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 3
Hibiskus
Er ho ein av gjestane dine?
Shichimi
Ja, det er veninna mi Pepar – alt i orden.
Pepar
Gjekk det bra, Gulrot? Lei for det der. Eg har enno ikkje heilt fått dreisen på å landa med hyperfart.
Igjen, orsak til alle for bryet ... ... og for kleda mine ...
Shichimi
Tji-hi!
Wasabi
Shichimi, denne unge heksa som nettopp kom, er ho verkeleg ei veninne av deg?
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 4
Shichimi
Ja, dykkar høgvyrde. Ho heiter Pepar og høyrer til kaosah-skulen.
Wasabi
Nærværet hennar skitnar til den heilage skulen vår. Få henne bort med det same!
Shichimi
Men ... Meister Wasabi ...
Wasabi
Men kva? Vil du heller verta utvist frå skulen vår for alltid?
Shichimi
!!!
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 5
Shichimi
Pepar, eg er lei for det, men du må dra. No.
Pepar
Hæ?
Hei, vent no litt! Det her må vera ei misforståing.
Shichimi
Ver så snill, Pepar, ikkje gjer det vanskeleg.
Pepar
Hei, du der, på trona! Om du mislikar meg slik, kan du koma ned her og seia det sjølv!
Wasabi
Tsk-tsk ...
Du har ti sekund, Shichimi ...
Ni ...
Åtte ...
Sju ...
Shichimi
DET HELD, PEPAR! DRA!!!
Lyd
SJRRIiii!
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 6
Pepar
Shichimi, ro deg n...
Lyd
BADuuM!
Shichimi
DRA!!! DRA!!! DRA!!!
Lyd
KREEEEE!!!
Pepar
Au! Hei sann! Det ... er i-IKKJE ... AU! ... snilt!
Lyd
PAFF! POFF! POFF! PAFF!
Koriander
SHICHIMI! PEPAR! HALD OPP!
Safran
Vent.
Wasabi
Hm!
Pepar
Grrr! Du har sjølv bedt om det!
Lyd
BRZOO!!
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 7
Pepar
FORBANNUS KANSELLARE MAXIMUS!!!
Lyd
SJKLAK!
Pepar
Au!
Lyd
PAFF!!
Shichimi
Sjølv ikkje den sterkaste annullerings-formelen din verkar på meg!
Gje opp og dra, Pepar!
Ikkje tving meg til å skada deg meir!
Pepar
Å, formelen verka som han skulle – men du var ikkje målet.
Shichimi
Hæ? Kva meiner du?!
Lyd
Psjj ... Psjj ...
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 8
Shichimi
?!!
Pepar
Det var ho som var målet! Eg annullerte forheksinga som fekk henne til å sjå ung ut!
Eg la merke til denne forheksinga di med det same eg kom.
Så eg gav deg ein liten lærepenge for at du tvinga Shichimi til å slåst mot meg!
Wasabi
UFORSKAMMA! Korleis vågar du, og framfor heile skulen min!
Pepar
Pris deg heller lukkeleg! Om eg hadde all reaen min, hadde det blitt mykje verre.
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 9
Lyd
DRZOW!!
Wasabi
Eg forstår. Du kom opp på nivå med forgjengarane dine mykje tidlegare enn eg hadde venta ...
Det framskundar planane mine, men det er berre bra.
Pepar
Planane dine? Du sette meg altså berre på prøve, og alt det her hadde ikkje noko å gjera med at eg kom for seint?
Du er verkeleg ikkje heilt god ...
Wasabi
Tji-hi.
KVA ER DET DE GLOR PÅ?! EG VART NETTOPP FORULEMPA, MEN DE BERRE STÅR DER OG KOPER?! TA HENNE!!!
FANG HENNE LEVANDE!!!
TA HENNE!!!
Pepar
Dette må me snakka om seinare, Shichimi!
Eg er lei for det, Gulrot, men me må nok bruka hyperfart igjen ... Hald deg fast!
Lyd
Klapp!
Klapp!
ZiiooOO!!
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 10
Pepar
?!
Wasabi
FANG HENNE!!!
Pepar
Kjære vene.
Safran
Pepar – bruk limen min!
Lyd
Fizzz!
Pepar
Supert! Takk, Safran!
Lyd
Grip!
ziooOOOO!
Forteljar
FRAMHALD FØLGJER ...
Episode 34: Riddarseremoni for Shichimi, Side 11
Bidragsytarar
31. mars 2021 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Arlo James Barnes, Carotte, Craig Maloney, Efrat b, GunChleoc, Karl Ove Hufthammer, Martin Disch, Nicolas Artance, Parnikkapore og Valvin. Omsetjing til nynorsk Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Ei særskild takk til Nartance som utforska Wasabi-karakteren i sine eigne forteljingar. Måten han skildra henne på, hadde sterk innverknad på korleis eg har framstilt henne i denne episoden. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 4.4.1 og Inkscape 1.0.2 på Kubuntu Linux 20.04. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 096 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!