Episode­tittel
Tittel
Episode 37: Fønikstårene
Episode 37: Fønikstårene, Side 1
Pepar
Puh ... Endeleg framme!
Det er visst marknads-dag i dag.
La oss få oss ein matbit før me går opp på vulkanen.
Eg tenkte du ville lika den planen!
Episode 37: Fønikstårene, Side 2
Skrift
ETTERLYSTE
Torreya
100 000 Ko
Shichimi
250 000 Ko
Pepar
1 000 000 Ko
Episode 37: Fønikstårene, Side 3
Pepar
Dei har verkeleg hengt desse overalt. Til og med på dei mest avsidesliggjande stadane.
Kom, me bør stikka før nokon kjenner oss att. Me har verre ting å plagast med for tida ...
Det lyset ... Reiret kan ikkje vera langt unna.
Bingo!
Episode 37: Fønikstårene, Side 4
Føniks
Kvifor trengjer du deg på, menneske?
Pepar
Ver helsa, o store føniks!
Eg heiter Pepar og er kaosah-heks.
Nyleg vart eg utsett for ein stor dose drake-rea, og sidan då har eg hatt dette her, som vert større dag for dag ...
Det set kreftene mine ut av spel – og kan med tida ta livet av meg!
Episode 37: Fønikstårene, Side 5
Føniks
Hm ... Eg skjønar ...
Og no er du her fordi du treng ei fønikståre til å kurera deg, eller?
Pepar
Ja, det er det einaste håpet mitt.
Føniks
*sukk*
Vel, kva ventar du på?
Prøv å få meg til å gråta.
Du har eitt minutt på deg.
Pepar
Kva?!
Få deg til å gråta?!
Men eg visste ikkje at ...
Altså ... På eitt minutt?!
Æh ... OK! La meg sjå.
Hm ... Tenk på hungersnaud.
Æh, vent-vent-vent! No kom eg på noko betre: Dei du har mista.
Framleis ingenting?
Forlatne kjæledyr?! Det er så trist med dyr som vert forlatne ...
Føniks
...
Episode 37: Fønikstårene, Side 6
Pepar
No, kva vert det til? Kjenner du ikkje tårene pressa på?
Føniks
MEINER DU ALVOR?!
ER DETTE DET BESTE DU FÅR TIL?!
Dei der prøvde i det minste med dikt! Dei skreiv tragediar! KUNST! DRAMA!
MEN DU?! MØTER OPP HEILT UBUDD!
JA, NETTOPP – HUSJ MED SEG! DRA HEIM OG KOM IKKJE ATT FØR DU ER KLAR!
Episode 37: Fønikstårene, Side 7
Pepar
Grrr! Kom igjen, Pepar! Tenk på noko trist. Dette greier du.
Dette greier du.
Nei ... Det gjer du ikkje.
Grønsakshandlar
Hei der! Vekk med deg!
Pepar
!!!
Grønsakshandlar
Hald potane av fatet om du ikkje kan betala!
Pepar
Å nei, kva har du ... GULROT! Kva med å hjelpa i staden for berre å tenkja med magen?!
Å?!
Nettopp ... Det kan fungera.
Episode 37: Fønikstårene, Side 8
Føniks
Så du er tilbake. Det gjekk fort ...
Eit metall-våpen?! Verkeleg?!
Veit du ikkje at eg kan smelta alle typar metall og ...
Lyd
Plopp
Plopp
Plopp
Føniks
Å NEI! IKKJE DET! DET ER JUKS!
Pepar
Skund deg, Gulrot! Fang alle tårene du klarar!
Lyd
Hogg!
Hogg!
Hogg!
Tittel
– SLUTT –
Episode 37: Fønikstårene, Side 9
Bidragsytarar
2022-08-03 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Arlo James Barnes, Benjamin Loubet, Bobby Hiltz, Chloé, Craig Maloney, Estefania de Vasconcellos Guimaraes, GunChleoc, Nicolas Artance, Olivier Jolly, Rhombihexahedron og Valvin. Omsetjing til nynorsk Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nicolas Artance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 5.0.5 og Inkscape 1.2 på Fedora 36 KDE Spin. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 058 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!