Episode­tittel
Tittel
Episode 12: Haustreingjering
Episode 12: Haustreingjering, Side 1
Kajenne
Skrattebrygg
Mega-hårvekst-eliksir
Stinkbombe-trylledrikk
Livet-gjennom-rosa-briller-eliksir
Farga røyk på flaske ...
... berre for å nemna nokre få!
Pepar
Ja då – eg veit det:
«Ei-ekte-kaosah-heks-ville-aldri-funne-på-å-laga-slike-trylledrikkar!»
Lyd
Kling Klang Klong
Kajenne
Nettopp! Det er best slik.
Eg må ein liten tur innom marknaden i Komona.
Rydd vekk alt dette så lenge. Det kan gå riktig gale dersom nokre små rakkarar finn flaskene og set seg til å leika med dei.
Episode 12: Haustreingjering, Side 2
Pepar
Rydda alt vekk? Superenkelt! Jippi!
Lyd
Svisj!
Pepar
Søren!
Grava det ned?! Det kjem til å ta fleire timar, og me får sikkert blemmer på nevane av alt arbeidet!
Lyd
Skubb
Episode 12: Haustreingjering, Side 3
Pepar
«Og ikkje finn på å bruka magi! Ei ekte kaosah-heks brukar aldri magi til husarbeidet.»
Grrr!
GULROT! Finn bind 7 av Kaosah-bøkene – «Tyngdefelt» – og skund deg!
Eg skal nok visa den innpåslitne gamle kråka korleis ei ekte kaosah-heks ordnar ting!
Lyd
Tapp Tapp
Episode 12: Haustreingjering, Side 4
Pepar
GURGES ATER!
Lyd
VROOoooooooooo
Kajenne
Eit svart hòl av kaosah-magi ...?!
Pepar
?!
Kajenne
Er det verkeleg slik du forstår «ikkje bruk magi»?
Pepar
Høyr her! Skulle ikkje du til marknaden?!
Kajenne
Sjølvsagt ikkje! Og bra var det! Det går rett og slett ikkje an å la deg vera åleine eit sekund!
Episode 12: Haustreingjering, Side 5
Lyd
wooowoowoowoo
Kajenne
Berre sjå på dette ...
For lite masse!
For svak tyngdekrafts-differensial!
Og sjølv den næraste stabile omløpsbana er for lita!
Lyd
Slepp
wooowoowoowoo
Kajenne
Og då går det nettopp slik: Nesten alt vil trekkjast mot stabile omløpsbaner eller Lagrange-punkt – og flyta rundt for alltid.
Sjølv ein litt større hendingshorisont ville vore nok!
Gulrot
?!
Episode 12: Haustreingjering, Side 6 title=
Episode 12: Haustreingjering, Side 7
Pepar
!!!
Kajenne
!!!
Lyd
Sj-Klakk!
Kajenne
FORBANNUS KANSELLARE MAXIMUS!
Forteljar
– SLUTT –
Bidragsytarar
Oktober 2015 – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Episode 12: Haustreingjering, Side 8
Bidragsytarar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 575 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: https://www.patreon.com/davidrevoy
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0 Kjeldefiler: Tilgjengelege på www.peppercarrot.com Verktøy: Denne episoden er 100 % teikna med fri programvare Krita 2.9.8, Inkscape 0.91, Blender 2.71, GIMP 2.8.14, G’MIC 1.6.7 på Linux Mint 17.2