Episode­tittel
Tittel
Episode 29: Verdsøydeleggjaren
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 1
Forteljar
Samtidig, i ein annan dimensjon ...
Monster
Endeleg! Ei interdimensjonal rivne!
Truleg resultatet av ei kosmisk storhending!
Veks! Veks, vesle rivne! Og vis meg ei ny verd som eg kan TRÆLBINDA og HERSKA OVER!
Oi sann ... Dette var interessant.
I dag er visst lukkedagen min ...
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 2
Monster
Ein dimensjon der det bur intelligente vesen!
Kom igjen, vesle rivne!
Veks! Muhaha-hahaha!
Pepar
Puh! Det var jammen eit kjekt selskap, kjære vener!
Koriander
Forresten, Safran og eg innsåg nettopp at me ikkje har peiling på korleis kaosah-trolldommen din verkar.
Safran
Ja, det er eit skikkeleg mysterium. Kan du gjera oss litt klokare?
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 3
Pepar
Ha-ha, det er litt vrient å forklara.
Men du kan på ein måte seia at trolldommen byggjer på det å skjøna lovene som styrer kaotiske system ... ... dei minste til dei største.
Koriander
Ja, det var jo veldig klårgjerande ...
Lyd
KLØ KLØ
Pepar
Vent litt, så kan eg kanskje finna eit enkelt døme.
Berre ein augneblink, slik at den gode, gamle kaosah-visdommen får verka litt ...
Der ja!
Ser de denne tann-pirkaren som låg mellom brusteinane? Ved å plukka han opp har eg heilt sikkert forhindra nokon å tråkka på han.
Ei lita, positiv endring i livsens store kaotiske system kan altså ha enorme konsekvensar. Det er dette kaosah handlar om!
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 4
Shichimi
Æsj!
Koriander
Uææh! Nokon har hatt han i munnen!
Safran
Ha-ha! Du imponerer som alltid, Pepar!
Koriander
Fint, Pepar. Takk for denne ... «forklaringa».
Men no er det vel på tide å krypa til køys? Og så bør nok nokon vaska hendene sine.
Pepar
Hei sann! Vent på meg!
Lyd
Knips!
Tapp! Tapp!
SMEKK!
Gulrot
?
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 5
Lyd
Ssss!
Paff!
Tapp!
KNUS!
Sjrroof...
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 6
Skrift
LAGERROM FYRVERKERI
Lyd
Sjrroof!!
Sjrr!!
BANG!
Monster
MuhahaHAHA! Endeleg! TIL ÅTAK!!!
Lyd
Fisss!!
Monster
!?
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 7
Lyd
KRASJ!
BANG!
SMELL!
Fusss!
PoFF!
Pepar
Ta det med ro, Gulrot. Det er nok berre nokon som ikkje har avslutta feiringa heilt enno ...
God natt, litle ven!
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 8
Karve
Verkeleg? Klarte ho å utløysa ein så enorm kjedereaksjon utan å vera klar over det sjølv?!
Kajenne
Utan tvil.
Timian
Mine damer, no trur eg vår kjære Pepar endeleg er klar!
Lyd
Fsjjjj!
Monster
...
Lyd
Fvip!
Forteljar
– SISTE DEL AV TRILOGIEN OM KRONINGA AV KORIANDER –
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Side 9
Bidragsytarar
25. april 2019 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: CalimeroTeknik, Craig Maloney, Martin Disch, Midgard, Nicolas Artance og Valvin. Omsetjing til engelsk: CalimeroTeknik, Craig Maloney, Martin Disch og Midgard. Omsetjing til nynorsk: Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 4.1.5~appimage og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 18.04.1. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 960 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!