Episode­tittel
Title
Episode 21: Trolldomskonkurransen
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 1
Writing
Endeleg kan Komona by kunngjera ein ny trolldomskonkurranse
Fyrstepremie: 50 000 Ko
for den mest imponerande trolldomsoppvisinga! Inngang: 150 Ko Den nye, enorme og sikre arenaen i Komona, Azardag, klokka 10
SPESIALINNBYDING
Pepper
Eg er klar! Kom igjen, Gulrot, så dreg me!
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 2
Pepper
Er du sikker på at du ikkje vil vera med?
Cayenne
Heilt sikker. I kaosah driv me med trolldom, ikkje show!
Writing
KOMONA-nytt
OPNING AV DEN NYE ARENAEN I DAG
FOLKET UROA OVER AUKA SKATTAR
ALLE BILLETTANE SELDE: GARANTERT SUKSESS!
POLITISK URO I LANDET AH
AH OKKUPERER 80 % AV LANDOMRÅDA
DU HAR PERFEKT SYN!
Pepper
Takk for at eg får lov til å delta! Og eg lovar å vinna! Me snakkast i kveld!
Sound
Kleis!
Cayenne
...
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 3
Mayor of Komona
Som ordførar i Komona erklærer eg med dette den andre store trolldoms-konkurransen for open!
Audience
Klapp
Mayor of Komona
Eg veit de har venta i spenning på denne storhendinga! Takk for at de har kome frå alle fire verdshjørna av Hereva for å vitja vår nye, storslegne og ultrasikre arena!
La meg no presentera deltakarane!
Carrot
ZZZ...
Pepper
Gulrot?! Kva held du på med?! Vakna! Det startar no! Alle ser på oss!
Sound
Dult!
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 4
Mayor of Komona
Ho er ein meister i gjen-opplivingstrolldommen zombiah. Det er ei ære å kunna ynskja velkomen ... KORIANDER!
Audience
Klapp
Mayor of Komona
Ho kjenner alle løyn-dommane til både flora og fauna! Ta godt imot hippiah-heksa ... KAMILLE!
Og no, takka vere den høge tekniske ekspertisen i Komona, viser me for aller fyrste gong ...
Sound
Fapp!
Mayor of Komona
... ei heks frå djuphavet – og meister av den eineståande akva-magien! SPIRULINA!
Pepper
Akva?! Her?! Utruleg!
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 5
Carrot
Rumle
Pepper
Gulrot! No er det straks vår tur! Ha tol! Ver så snill! Om berre i dag!
Mayor of Komona
Og så ei heks av den åndelege og asketiske ah-trolldommen. Me er glade for å ta imot ... SHICHIMI!
Audience
Klapp
Pepper
Gulrot! NEI!!!
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 6
Mayor of Komona
Og så denne mystiske deltakaren – som har meldt seg på anonymt – og vil visa oss litt frå den raudglødande heite magmah-trolldommen ...
Sound
Fapp!
Mayor of Komona
Oi! For ei overrasking! Ja, det er henne – ingen ringare enn ... SAFRAN!
Sound
Plask!
Mayor of Komona
Oi sann! Det ser ut til at ein deltakar alt er i vanskar!
Audience
Ha!
Mayor of Komona
Frøken! Still deg tilbake på plass!!!
Pepper
Gulrot! Nei!
Sound
Dzing!
Pepper
?!
Sound
Plask!
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 7
Pepper
Ha-ha! Takk, Spirulina! Og orsak ...
Kor har du tenkt deg?! KOM HER!
Mayor of Komona
Kremt! Og her er den siste deltakaren – med den ... æh ... ubeskrivelege kaosah-trolldommen ... PEPAR!
Og sidan ho vann trylledrikk-konkurransen, får ho æra av ...
Pepper
?! ...
Mayor of Komona
... å verta ...
... medlem av juryen vår!
Sound
Dunk!
Audience
Klapp Klapp Klapp Klapp Klapp
Writing
Offisiell jury i trolldomskonkurransen
Pepper
Jippi.
Writing
Dronning Aiel
Pepar
Lord Azeirf
Narrator
FRAMHALD FØLGJER ...
Episode 21: Trolldomskonkurransen, Page 8
Credits
Februar 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Idédugnad: Craig Maloney, Quiralta, Nicolas Artance, Talime og Valvin.
Forbetring av dialogen: Craig Maloney, Jookia, Nicolas Artance og Valvin.
Ein særskild takk til Inkscape-gruppa, spesielt Mc.
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Programvare: Krita 3.2.1 og Inkscape 0.91 på Linux Mint 18.1 XFCE
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 816 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy
Les 41 kommentarar.