Episode­tittel
Tittel
Episode 32: På slagmarka
Episode 32: På slagmarka, Side 1
Episode 32: På slagmarka, Side 2
Konge
Adjutant! Fekk du tak i ei heks, slik eg bad om?
Adjutant
Ja, herre! Ho står der, rett ved sida av deg.
Konge
...?
Pepar
Hei! Eg heiter Pep...
Konge
?!!
TOSK!!! Kvifor har du fått tak i eit barn?! Eg treng ei skikkeleg slagmarksheks!
Episode 32: På slagmarka, Side 3
Pepar
Høyr no her! Eg er ei ekte kaosah-heks. Her har eg eit vitnemål som ...
Skrift
Kaosah- vitnemål
~ for Pepar ~
Kajenne
Karve
Timian
Konge
STILLE!
Eg har ikkje bruk for ungar i hæren min.
Stikk heim og leik med dokkene dine.
Lyd
Klaps!
Hær
HA-HA, HA-HA! HA-HA, HA-HA! HA-HA, HA-HA! HA-HA, HA-HA!
Episode 32: På slagmarka, Side 4
Pepar
Det er ikkje til å tru! No har eg studert i kjempemange år, men ingen tek meg alvorleg, fordi ... ... eg ikkje ser røynd nok ut!
Lyd
POFF!!
Pepar
GULROT!
Lyd
PAFF!!
Episode 32: På slagmarka, Side 5
Pepar
Verkeleg, Gulrot? Eg håpar maten var verd det. Du ser fæl ut ...
... Du ser ...
Korleis du ser ut! Sjølvsagt!
Lyd
Knekk!
Episode 32: På slagmarka, Side 6
Pepar
HEI! Eg høyrer de er på utkikk etter ei EKTE HEKS?!
Episode 32: På slagmarka, Side 7
Konge
Nei, forresten, be den jentungen koma tilbake. Ho her er sikkert altfor dyr ...
Skrift
FRAMHALD FØLGJER ...
Episode 32: På slagmarka, Side 8
Bidragsytarar
31. mars 2020 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Craig Maloney, Martin Disch, Arlo James Barnes, Nicolas Artance, Parnikkapore, Stephen Paul Weber, Valvin og Vejvej. Omsetjing til nynorsk: Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 4.2.9-beta og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 19.10. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 121 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!