Konge: Så, unge heks. Har du ein trylleformel som kan hjelpa oss, er no rett tid å bruka han!. Pepar: Greitt! Førebu deg på å sjå .... Lyd: Dzziii!!. Pepar: ... MEISTER-VERKET MITT!. Lyd: Dzziiii!!. Pepar: Realitas Hackeris Pepperus!. Lyd: Dzziooo!!.
Lyd: Fiizz!. Dzii!. Sjii!. Ffhii!. Ffhii!. Sjii!. Fiizz!. Dziing!. Konge: Er det så at denne magien gjer sverda våre kraftigare ... ... og våpena deira svakare?. Lyd: Dzii.... Pepar: Heh. Vent og sjå! Men eg kan røpa at du ikkje kjem til å mista nokon soldatar i dag.. Like fullt må de kjempa så godt de kan!.
Konge: Det er det som er planen .... PÅ ORDRE FRÅ MEG .... Hær: Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!. Konge: TIL ÅÅÅTAAAK!!!. Hær: Jaaa!. Jaaa!. Jaaa!.
Konge: ?!. Skrift: 3. 24. 38. 6. 12. 0. 5. 0. 37. 21. 62. 27. 4. Konge: !!. HEEEEEEEEEEKS!!! KVA ER DET HER?!!!.
Pepar: Ta-daaa!. Det her ... er meister-verket mitt!. Det er ein innvikla trylleformel som endrar røynda og viser kor mange livspoeng som fienden har att.. Skrift: 33. Pepar: Når ein slepp opp for livspoeng, må ein forlata slagmarka. Hæren som framleis har folk att på marka til slutt, vinn. Enkelt og greitt.. Skrift: 0. Hær: ?. Pepar: Er det ikkje fantastisk?! Ingen fleire drepne! Ingen fleire såra! Det vil revolusjonera all krig!.
Pepar: Men no når me alle kjenner reglane, skal eg nullstilla livspoenga, slik at me kan starta på nytt. Då vert det meir rettferdig!. Skrift: 64. 45. 6. 2. 0. 0. 0. 0. 9. 5. 0. 0. 0. Lyd: Ssjing!. Zooo!. Pokk!. Tsjakk!. Pepar: Opp med farten, Gulrot! Trylleformelen varer ikkje evig!. Forteljar: – SLUTT –.
Bidragsytarar: 29. juni 2020 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Arlo James Barnes, Craig Maloney, GunChleoc, Hyperbolic Pain, Karl Ove Hufthammer, Martin Disch, Nicolas Artance, Quetzal2 og Valvin. Omsetjing til nynorsk Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen . Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson . Programvare: Krita 4.3 og Inkscape 1.0 på Kubuntu 19.10. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com. Pepar: Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 190 som støtta denne episoden!. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!.