Episode­tittel
Tittel
Episode 38: Lækjarheksa
Episode 38: Lækjarheksa, Side 1
Vinya
Puh!
Endeleg fekk me has på denne òg!
Fritz
Ja, det var ikkje lett. Forstår no kvifor så få eventyrarar har klart å koma seg forbi her.
Korleis går det med Brassik?
Brassik? Brassik!
Søren! Eg la ikkje merke til at du var så hardt skada!
Vinya
Lækjarheks!
Me treng hjelp her – NO!
Episode 38: Lækjarheksa, Side 2
Pepar
Til sides ...
Lyd
Dzing
Brassik
Ikkje ei skramme att!
Eit mirakel kvar gong!
Du har utrulege nådegåver!
Men me får koma oss av garde. Skatten ventar!
Fritz
Så sant!
Og med lækjarheksa på laget er me uovervinnelege!
Framover til neste monster!
Episode 38: Lækjarheksa, Side 3
Brassik
Fus!
Vinya
Nei, eg! Eg!
Pepar
?
Kajenne
Og kva er det du trur du held på med?
I fleire månadar har me leita etter deg!
Episode 38: Lækjarheksa, Side 4
Pepar
Ser du ikkje det?
Eg har lagt alt bak meg og bytt leveveg.
No går eg under namnet Den store lækjar-heksa Pep’Ra.
Kajenne
...
Pepar
«Kvifor?» lurer du kanskje på?
Ein enkelt grunn!
EG ER LUT LEI!
Eg er lei av å verta jakta på, lei av verta ledd av – og ikkje minst er eg lei av aldri å få meg arbeid, etter å ha studert i så mange år!
Her har dei i det minste bruk for meg og det eg kan!
Brassik
Lækjarheks!
Kom hit.
Vinya vart stygt såra.
Lyd
Dzing
Episode 38: Lækjarheksa, Side 5
Pepar
Det er grunnen.
Var det noko meir?
Kajenne
Ja.
Å ha namnet sitt på «ettersøkt»-plakatar er heilt vanleg for kaosah-hekser.
Det er til og med teikn på eit godt rykte.
Ignorer kritikarane, og skap heller din eigen leveveg dersom ingen tilbyr deg ein.
Og ikkje minst: Du er ikkje ei lækjarheks!
Før eller seinare oppdagar dei det – når du går tom for den enorme samlinga fønikstårer du brukar når du lèt som du har nye krefter.
Pepar
Kva ...?
Korleis fann du ut ...
... det?
Kajenne
Tsk!
Episode 38: Lækjarheksa, Side 6
Pepar
Grrr!!!
Vel, om det trengst, hentar eg berre meir!
Fordi DET VERKAR!
I motsetnad til dei forskrudde kaosah-greiene dykkar!
GRRR...!
Brassik
Pass dykk!
Monsteret er i ferd med å endra form!
Monster
KRiiiiiiiiiiiiiiiiii
iiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii
Episode 38: Lækjarheksa, Side 7
Monster
KRiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii
iiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii
iiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii
Lyd
KRRRR!!!
KRRRR!!!
KRRRR!!!
Knus!!!
Knus!!!
Knus!!!
Knus!!!
Knus!!!
Knus!!!
Monster
iiiiiiiiiiiiiiii...
Lyd
Dzeeyoo!!!
Vinya
Uff, håpar han syng på siste verset ...
Brassik
Dekk meg. Eg skal få stoppa kjeften på han for godt!
Høyrde du det, utyske?!
Men pass på meg i alle fall, lækjarheks ...
Lækjarheks?
Episode 38: Lækjarheksa, Side 8
Pepar
Oi sann!
Å nei, å nei!
Brassik
Rhå-hå-hå!
Sjå der! Eg trur hylet frå utysket skremde vatnet av lækjarheksa vår!
Bva-ha-ha!
Fritz
HA-HA-HA-HA!
Og i tillegg er det heilt blått!
Vinya
HA-HA-HA-HA!
Har det òg lækjande eigenskapar, kanskje?!
Fritz
Uff, så ekkelt!
HA-HA-HA-HA!
Brassik
BVA-HA-HA!
Pepar
...
Fritz
HALLO!
Brassik
Vent! Me tulla berre!
Vinya
Lækjarheks!
Kajenne
Velkommen attende.
Tittel
– SLUTT –
Episode 38: Lækjarheksa, Side 9
Bidragsytarar
26. april 2023 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Arlo James Barnes, Bobby Hiltz, Craig Maloney, Christian Aribaud, Estefania de Vasconcellos Guimaraes, Frédéric Mora, Erik Mondrian, Nicolas Artance, Rhombihexahedron, Valvin og Vinay. Omsetjing til nynorsk Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nicolas Artance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 5.0.5 og Inkscape 1.2 på Fedora 36 KDE Spin. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane.
Takk til dei 1 084 som støtta denne episoden!
Visste du dette?
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her!
Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon!
Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ...
Tusen takk!