Episode­tittel
Tittel
Episode 14: Draketanna
Episode 14: Draketanna, Side 1
Skrift
FARE
HEKS
PRIVAT OMRÅDE
33
Karve
Jajamensann! Då var ferien over!
La oss byrja med eit kurs om eldgamle heksebrygg og hovudingrediensane deira.
Hm ... Søren! Tomt for draketann-pulver. Kan ikkje byrja kurset utan det ...
Skrift
Draketann
Episode 14: Draketanna, Side 2
Karve
Kajenne! Timian! Kan de finna draketann til meg?
Kajenne
I denne kulda?! Elles takk!
Timian
Same her!
Pepar
Ikkje noko problem. Eg fiksar det!
Karve
Vent, Pepar!
Pepar
Er snart tilbake!
«Kulda», «kulda»! For nokre pyser!
Ei god tong og litt vern på kroppen, så er draketennene snart våre.
Episode 14: Draketanna, Side 3
Pepar
Ha, ha! Oi! Det vert visst ørlite vanskelegare enn eg hadde rekna med.
Pfff! ... og eg som trudde det ville vera lettare med ein luftdrake!
Episode 14: Draketanna, Side 4
Pepar
Gulrot! Kom tilbake ... Sumpdrakar er kjende for å vera fredelege!
... trudde eg.
Hmmm... Lyndraken ... Her er nok ikkje dette rett verktøy for jobben.
Episode 14: Draketanna, Side 5
Pepar
OK. Det er for vanskeleg ... Eg gjev opp.
Nei! Pepar gjev aldri opp!
Forteljar
Neste dag ...
Fugl
Kykkelikyyyyyy!!!
Karve
!!!
Episode 14: Draketanna, Side 6
Pepar
No? Imponert, eller?
Eg har hundre draketenner! Minst!
Lyd
popp!
Skrift
Drake-tannlege
Gratis!
Karve
... men Pepar, draketann, ...
... det er ei plante!
Forteljar
– SLUTT –
Bidragsytarar
Januar 2016 – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer
Episode 14: Draketanna, Side 7
Bidragsytarar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 671 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: https://www.patreon.com/davidrevoy
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0 Kjeldefiler: Tilgjengelege på www.peppercarrot.com Verktøy: Denne episoden er 100 % teikna med fri programvare Krita 2.9.10, Inkscape 0.91 på Linux Mint 17