Episode­tittel
Tittel
Episode 13: Pysjamasfesten
Episode 13: Pysjamasfesten, Side 1
Pepar
Beste ... ... ferien ... ... nokosinne!
Det er berre så kjekt!
Takk for innbydinga, Koriander!
Episode 13: Pysjamasfesten, Side 2
Koriander
Takk! Eg håper staben ikkje er for skremmande.
Lyd
Dzzziii!
Tsjakk!
Klukf!
Klaff!
svinnnnnng!
Monster
UuuHuuu!!!
UuuHuuu!!!
Uuu!!!
Pepar
Nei, slett ikkje ... Dei er svært gjestmilde. Me kjenner oss så velkomne.
Shichimi
Eg er skikkeleg imponert over interiøret ... ... så raffinert og koseleg på same tid!
Pepar
Sant!
Episode 13: Pysjamasfesten, Side 3
Koriander
Det er fint å få ei slik påminning. Nokre gongar tenkjer eg det er litt ... ... ordinært.
Lyd
bam!
Shichimi
Eg skulle gjerne budd så komfortabelt, men ...
Lyd
Skiiingz!
Shichimi
... «ei-ekte-ah-heks-kan-ikkje-leva-slik».
Pepar
Ha, ha! Tradisjonen tyngjer ... Høyrest ut som gudmødrene mine!
Shichimi
Verkeleg?
Episode 13: Pysjamasfesten, Side 4
Pepar & Shichimi
Tji-hi-hi!
Koriander
Kom igjen, jenter – konsentrer dykk! Me er nesten i mål!
Pepar
Slapp av, det går bra ... Oppdraget er jo superenkelt ... ... og me har enno ikkje ...
Lyd
PfrooOffoff!!!
Koriander
PEPAR!!!
Shichimi
?!
Lyd
Sjssss
Episode 13: Pysjamasfesten, Side 5
Koriander
Å nei! Det er for seint! Ho ... Ho er ...
Shichimi
Neeeiii!!!
Monster
MUAHHAHAHAHA!!!
Shichimi
GRR!!!
Koriander
DET DER SKAL DU FÅ SVI FOR!
Lyd
KRAKK!
KLING!
Shichimi
Å nei!
Koriander
Ikkje no igjen!
Pepar
Gulrot! Slepp han! Med ein gong!
Lyd
PAFF!
PLONK!
Episode 13: Pysjamasfesten, Side 6
Lyd
Dunk
Skrift
Prinsesse Koriander
Pepar
Kom igjen – ikkje ver furten! Eg veit du berre vil forsvara meg ... ... men det trengst ikkje – det er berre eit spel!
Skrift
Festningar og føniksar
Pepar
Grrrr
Forteljar
– SLUTT –
Bidragsytarar
November 2015 – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer
Episode 13: Pysjamasfesten, Side 7
Bidragsytarar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 602 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar og Gulrot: https://www.patreon.com/davidrevoy
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0 Kjeldefiler: Tilgjengelege på www.peppercarrot.com Verktøy: Denne episoden er 100 % teikna med fri programvare Krita 2.9.9, Inkscape 0.91 på Linux Mint 17