Episode­tittel
Title
Episode 16: Vismannen på fjellet
Episode 16: Vismannen på fjellet, Page 1
Writing
★★★
Safrans hekseri
13
SLAKTAR
15
Stjerne-gata
Frisør
Saffron
Nei, nei og atter nei, Pepar!
Sound
Glugg Glugg
Episode 16: Vismannen på fjellet, Page 2
Saffron
Dette må du ordna opp i sjølv. Er det noko eg ikkje gjer, så er det å mekla – ikkje eingong for vener. Det kjem det nemleg aldri noko bra ut av.
Pepper
Ver så snill, Safran ...
Eg lærer ikkje noko frå gudmødrene! Dei tek berre over huset mitt, klagar over gikta og kjeftar på meg same kva eg gjer ... Er du heilt sikker på at du ikkje kan hjelpa meg å snakka med dei ...?
Saffron
Høyr her! Du er ei heks – du bør snart læra å oppføra deg som ei! Tal med dei sjølv! Vis at du er stor jente!
Greitt, greitt! Eg får vel verta med deg og veksla nokre ord med dei.
Episode 16: Vismannen på fjellet, Page 3
Thyme
Ikkje lærer noko?! Kva i alle dagar meiner du?!
Bird
pip pip
pip pip
pip pip
pip pip
pip pip
Thyme
Og så har du ikkje eingong mot nok til sjølv å seia det til oss!
Sound
BANK!
Thyme
Hadde det ikkje vore for gikta, skulle du fått ein real leksjon! Og ikkje i hekseri, om du skjønar kva eg meiner.
Cayenne
Ro deg ned, Timian! Dei er inne på noko ...
Episode 16: Vismannen på fjellet, Page 4
Cayenne
Me er ikkje så unge som me ein gong var, og det er nok på tide med ein liten leksjon. Eg føreslår at me derfor tek eit møte med vismannen på fjellet . Lærdommen hans gjer klok!
Thyme
He, he! Vismannen? Er dei ikkje for unge til å forstå læra hans?
Pepper
For unge til kva?! Me dreg!
Saffron
«Me»?
Thyme
Ja, så er me her. De kan sjølve presentera dykk for vismannen. De finn han oppe på fjelltoppen.
Klare for ein skikkeleg leksjon?
Episode 16: Vismannen på fjellet, Page 5
Pepper
Klar!
Saffron
Eg òg!
Thyme
Bra! Det er den rette innstillinga!
Spring!
Pepper
Å nei!
Saffron
Eit ... MONSTER !
Pepper
EG VISSTE DET! DET ER EI FELLE! TIL ÅTAK!!!
Episode 16: Vismannen på fjellet, Page 6
Pepper
GRAVITAS SPIRALIS !
Saffron
BRASERO INTENSIA !
Sound
Plask!
Thyme
Å, ungdommen no til dags ... Skal alltid gå til åtak på alt og alle! Vismannens leksjon er å gjera som han! Når ingenting går som ein vil, er ikkje noko betre enn eit godt, varmt bad! Det er bra både for gikta vår og nervane dykkar!
Pepper
Kva slags leksjonar er det her?!
Narrator
– SLUTT –
Credits
April 2016 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Programvare: Krita, Blender, G'MIC og Inkscape på Ubuntu.
Episode 16: Vismannen på fjellet, Page 7
Credits
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 671 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy
Les 66 kommentarar.