Episode­tittel
Tittel
Episode 16: Vismannen på fjellet
Episode 16: Vismannen på fjellet, Side 1
Skrift
Stjerne-gata
Safrans hekseri
SLAKTAR
Frisør
Safran
Nei, nei og atter nei, Pepar!
Lyd
Glugg Glugg
Episode 16: Vismannen på fjellet, Side 2
Safran
Dette må du ordna opp i sjølv. Er det noko eg ikkje gjer, så er det å mekla – ikkje eingong for vener. Det kjem det nemleg aldri noko bra ut av.
Pepar
Ver så snill, Safran ...
Eg lærer ikkje noko frå gudmødrene! Dei tek berre over huset mitt, klagar over gikta og kjeftar på meg same kva eg gjer ...
Er du heilt sikker på at du ikkje kan hjelpa meg å snakka med dei ...?
Safran
Høyr her! Du er ei heks – du bør snart læra å oppføra deg som ei! Tal med dei sjølv! Vis at du er stor jente!
Greitt, greitt! Eg får vel verta med deg og veksla nokre ord med dei.
Episode 16: Vismannen på fjellet, Side 3
Timian
Ikkje lærer noko?! Kva i alle dagar meiner du?!
Fugl
pip pip
pip pip
pip pip
pip pip
pip pip
Timian
Og så har du ikkje eingong mot nok til sjølv å seia det til oss!
Lyd
BANK!
Timian
Hadde det ikkje vore for gikta, skulle du fått ein real leksjon! Og ikkje i hekseri, om du skjønar kva eg meiner.
Kajenne
Ro deg ned, Timian! Dei er inne på noko ...
Episode 16: Vismannen på fjellet, Side 4
Kajenne
Me er ikkje så unge som me ein gong var, og det er nok på tide med ein liten leksjon. Eg føreslår at me derfor tek eit møte med vismannen på fjellet. Lærdommen hans gjer klok!
Timian
He, he! Vismannen? Er dei ikkje for unge til å forstå læra hans?
Pepar
For unge til kva?! Me dreg!
Safran
«Me»?
Timian
Ja, så er me her. De kan sjølve presentera dykk for vismannen. De finn han oppe på fjelltoppen.
Klare for ein skikkeleg leksjon?
Episode 16: Vismannen på fjellet, Side 5
Pepar
Klar!
Safran
Eg òg!
Timian
Bra! Det er den rette innstillinga!
Spring!
Pepar
Å nei!
Safran
Eit ... MONSTER!
Pepar
EG VISSTE DET! DET ER EI FELLE! TIL ÅTAK!!!
Episode 16: Vismannen på fjellet, Side 6
Pepar
GRAVITAS SPIRALIS!
Safran
BRASERO INTENSIA!
Lyd
Plask!
Timian
Å, ungdommen no til dags ... Skal alltid gå til åtak på alt og alle! Vismannens leksjon er å gjera som han! Når ingenting går som ein vil, er ikkje noko betre enn eit godt, varmt bad! Det er bra både for gikta vår og nervane dykkar!
Pepar
Kva slags leksjonar er det her?!
Forteljar
– SLUTT –
Bidragsytarar
April 2016 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Programvare: Krita, Blender, G’MIC og Inkscape på Ubuntu.
Episode 16: Vismannen på fjellet, Side 7
Bidragsytarar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 671 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy