Cayenne: Eg stikk inn. Det har lite for seg å stå og glo på at du grev ... Grav ned alle desse mislukka trylledrikkane, og kom inn for å kvila så snart du kan.. Det er nok berre ynskjetenking at du vil lukkast betre i morgon, men me får vel halda håpet i live!. Pepper: Ja då, eg skal skunda meg! Men kva er greia med at me alltid skal grava ned ting ? Var det ikkje betre om me .... Cayenne: Om me KVA ?.
Pepper: Æh ... Eg er jo ikkje akkurat nokon ekspert, men kjøkenhagen vår er jo ganske merkeleg i år. Og det gjeld for så vidt mange av dei andre plantene her omkring òg.. Writing: Tomat. Aubergine. Pepper: Og maurane – dei har visst noko underleg på gang.. Så ... ... eg tenkte at me kanskje har eit lite forureiningsproblem – og kanskje burde reinska opp litt .... Cayenne: Høyr her, frøken « eg-øydelegg-alle-trylledrikkane-mine »: Det ser ut til at hippiah-heksedrakta har gått deg til hovudet.. I kaosah-magien gravlegg me alltid feila våre! Det har vore tradisjon i all tid, og eg gjev regelrett blaffen i kva MODER JORD måtte meina om den saka! Så klapp igjen og GRAV !.
Pepper: ... me gravlegg feila våre .... ... tradisjon .... ... i all tid .... SJØLVSAGT!. Carrot: Zzzz. Pepper: Kom igjen! Raska på, Gulrot!.
Pepper: «Å, fagre, blonde krigar med gylne lokkar!». «Du som heimsøkjer kaoset mitt!». «Du er entropien i solrenninga mi.». Vakker poesi, frøken Kajenne! Det er utruleg kva ein kan finna ut om hekser som grav-legg alle feila sine!. Writing: Kajennes private dagbok.
Cayenne: Me har alle gjort feil. Eg er ikkje lenger den Kajenne som skreiv det der. Det er ein god grunn til at dagboka er graven ned.. Pepper: .... OK! Men kva har de å seia til dette?!. Writing: KAOSAH-SUTRA av Timian. Thyme: Det er berre eit feiltrinn frå ungdomstida – og uansett er det ikkje noko for jenter på din alder!. Pepper: Hm ... Eg forstår .... De er eigentleg ikkje flaue over noko av dette ....
Pepper: Men kva med miljøe t ? Naturen ! Me kan ikkje halda fram med å forureina slik utan at det får alvorlege følgjer!!!. Cayenne: Det har ikkje vore noko problem til no! Me er kaosah-hekser, og problema våre gravlegg me alltid djupt nede! Tradisjonar kan ikkje diskuterast!. Cumin: Å, sjå kva eg fann! Eg kan knapt tru det!. Korleis hamna denne her?. Treng nok litt finstemming, men det er enno lyd i han..
Cumin: Korleis var han no igjen? Ka~ka, ka, kaooosah!. Ha-ha, eg har visst gløymt teksten! Kanskje songboka mi òg er her ein plass .... Cayenne: ... så då er det einstemmig? Oppdatering av kaosah-reglane: Frå no av sorterer, knuser og resirkulerer me alt! ABSOLUTT ALT!. Writing: glas. metall. Narrator: – SLUTT –. Credits: September 2016 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Manuskriptdokter: Craig Maloney. Korrekturlesing og dialoghjelp: Valvin, Seblediacre og Alex Gryson. Inspirasjon: «The book of secrets» av Juan José Segura.. Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Programvare: Krita 3.0.1 og Inkscape 0.91 på Arch Linux XFCE..
Credits: Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 755 som støtta denne episoden:. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy.