Episode­tittel
Tittel
Episode 24: Samhaldstreet
Episode 24: Samhaldstreet, Side 1
Kajenne
Eit samhalds-tre? Her?!?
NEI! Me er kaosah-hekser, så me DRIV IKKJE med slikt.
Lyd
POFF!
Kajenne
Bruk heller tida på å læra deg øydeleggings-formlane!
Pepar
Øydelegging? På denne tida av året? Ville det ikkje vore betre med skapings-formlar?
Kajenne
Snart er det tid for neste rådsmøte under dei tre månane – og for eksamen! Så lær! Pugg! ØV!!! OG SLUTT MED Å LA DEG DISTRAHERA AV DESSE TOSKNE INNFALLA!!!
Episode 24: Samhaldstreet, Side 2
Lyd
Kleis!
Ffff
Gulrot
trykk
Pepar
Grrrrr...!!!
Vinter utan noko samhaldsstre?! Aldri!
Eg får laga mitt eige tre – ved hjelp av trolldom!
Ja! Kanskje eg for fyrste gong kan kombinera trolldom frå både hippiah og kaosah!
Eit stort, grønt tre, lyssett av stjerner og mini-solsystem!
Å, det hadde vore heilt nydeleg!
Og ikkje minst kreativt!
Men eg kan ikkje bruka slik magi her ... Gudmødrene ville straks oppdaga at eg ikkje pugga øydeleggingsformlar.
Episode 24: Samhaldstreet, Side 3
Pepar
Med mindre ... Om eg ikkje hugsar feil ...
Lyd
Knnsj
Pepar
Nettopp! I kapittelet om øydeleggingsformlar rår Timian oss til fyrst å prøva dei ut i mikrodimensjonar. Men så mange åtvaringar det er:
Mm...
Skrift
«IKKJE bruk opp all reaen på å skapa mikrodimensjonen.»
Pepar
Seier seg sjølv.
Skrift
«Av tryggleiksgrunnar må du ALDRI ta med deg resultatet tilbake.»
Pepar
Pff... Sjølvsagt ikkje!
Her er det!
Skrift
«IKKJE forvent hjelp utanfrå ... ... INGEN kan sjå kva du driv med!»
Pepar
Ingen? Verkeleg?! Heilt perfekt! Til verket!
Lyd
SjiiING
Sjvoomp!!
Karve
Var det Pepar som laga ein mikrodimensjon?
Timian
Bra! Håpar ho fekk med seg alle åtvaringane som eg skreiv i kapittelet om øydeleggingsformlar.
Skrift
KOMONA-nytt
Episode 24: Samhaldstreet, Side 4
Pepar
Dødskult! Det er ei boble som inneheld berre den delen av biblioteket eg treng – og er heilt isolert frå vår eiga verd. Ei perfekt leikegrind for utprøving av trylleformlar.
No kan eg konsentrera meg om meisterverket!
Lyd
SjiiING
PLOooom!!
Pepar
He. Trur ikkje det ...
Lyd
Dhoooff!!
Pepar
Æsssj!
Lyd
Tsjting!!
Pepar
Ja! Ser bra ut, men er kanskje litt lite ...
Gulrot
?
Pepar
IKKJE RØR DET, GULROT!
Episode 24: Samhaldstreet, Side 5
Lyd
Plooom!!
Pepar
Der! Rett storleik. No er det heilt perfekt! Men eg ser ikkje kva skade det kan gjera å ta treet ut av mikrodimensjonen. Det er jo berre eit samhaldstre – ikkje ein øydeleggingsformel.
Greitt! På tide å få flytta denne mikro-dimensjonen inn i røynda, så dei får sjå kor kreativt kaoset kan vera! Då vert dei nok lange i maska!
Lyd
DOooong!!
Timian
Der ja – Pepar er tilbake. Bravo, Kajenne. Pedagogikken din kastar endeleg av seg.
Kajenne
Takkar, overheks Timian.
Skrift
KOMONA-nytt
Episode 24: Samhaldstreet, Side 6
Pepar
GULROT! Eg skal berre ned og henta Timian, Kajenne og Karve. Og ikkje rør noko i mellomtida, forstått?!
Bra. Eg er straks tilbake!
Lyd
BRRrrr BRRr BRRrrr BRRrrr BRRrrr BRrr
Gulrot
?
Lyd
Sjroof!!!
Gulrot
!!
Lyd
BRRr BRRrrrr
Gulrot
!!
Pepar
De kjem til å verta heilt himmelfalne! Tippar de aldri har sett noko liknande! Berre følg med opp ...
Episode 24: Samhaldstreet, Side 7
Lyd
Sjroooof!!
Pepar
?!!
Lyd
Fooom!!!
KRASJ!!!
Pepar
Ser visst ut til at eg har studert øydeleggings-formlar likevel ...
Forteljar
– SLUTT –
Episode 24: Samhaldstreet, Side 8
Bidragsytarar
Gledeleg jul!
Desember 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Forbetring av dialogen: Craig Maloney, CalimeroTeknik og Jookia.
Korrekturlesing og tidleg tilbakemelding: Alex Gryson, Nicolas Artance, Ozdamark, Zveryok, Valvin og xHire.
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Programvare: Krita 3.2.3 og Inkscape 0.92.2 på Ubuntu 17.10
Licens: Creative Commons Attribution 4.0
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 810 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy