Episode­tittel
Title
Episode 24: Samhaldstreet
Episode 24: Samhaldstreet, Page 1
Cayenne
Eit samhalds-tre? Her?!?
NEI! Me er kaosah-hekser, så me DRIV IKKJE med slikt.
Sound
POFF!
Cayenne
Bruk heller tida på å læra deg øydeleggings-formularane!
Pepper
Øydelegging? På denne tida av året? Ville det ikkje vore betre med skapings-formularar?
Cayenne
Snart er det tid for neste rådsmøte under dei tre månane – og for eksamen! Så lær! Pugg! ØV!!! OG SLUTT MED Å LA DEG DISTRAHERA AV DESSE TOSKNE INNFALLA!!!
Episode 24: Samhaldstreet, Page 2
Sound
Kleis!
Ffff
Carrot
trykk
Pepper
Grrrrr...!!!
Vinter utan noko samhaldsstre?! Aldri!
Eg får laga mitt eige tre – ved hjelp av trolldom!
Ja! Kanskje eg for fyrste gong kan kombinera trolldom frå både hippiah og kaosah! Eit stort, grønt tre, lyssett av stjerner og mini-solsystem! Å, det hadde vore heilt nydeleg!
Og ikkje minst kreativt!
Men eg kan ikkje bruka slik magi her ... Gudmødrene ville straks oppdaga at eg ikkje pugga øydeleggings-formularar.
Episode 24: Samhaldstreet, Page 3
Pepper
Med mindre ... Om eg ikkje hugsar feil ...
Sound
Knnsj
Pepper
Nettopp! I kapittelet om øydeleggingsformularar rår Timian oss til fyrst å prøva dei ut i mikrodimensjonar. Men så mange åtvaringar det er:
Mm...
Writing
« IKKJE bruk opp all reaen på å skapa mikrodimensjonen.»
Pepper
Seier seg sjølv.
Writing
«Av tryggleiksgrunnar må du ALDRI ta med deg resultatet tilbake.»
Pepper
Pff... Sjølvsagt ikkje!
Her er det!
Writing
« IKKJE forvent hjelp utanfrå ... ... INGEN kan sjå kva du driv med!»
Pepper
Ingen? Verkeleg?! Heilt perfekt! Til verket!
Sound
SjiiING
Sjvoomp!!
Cumin
Var det Pepar som laga ein mikrodimensjon?
Thyme
Bra! Håpar ho fekk med seg alle åtvaringane som eg skreiv i kapittelet om øydeleggingsformularar.
Writing
KOMONA-nytt
Episode 24: Samhaldstreet, Page 4
Pepper
Dødskult! Det er ei boble som inneheld berre den delen av biblioteket eg treng – og er heilt isolert frå vår eiga verd. Ei perfekt leikegrind for utprøving av trylleformularar.
No kan eg konsentrera meg om meisterverket!
Sound
SjiiING
PLOooom!!
Pepper
He. Trur ikkje det ...
Sound
Dhoooff!!
Pepper
Æsssj!
Sound
Tsjting!!
Pepper
Ja! Ser bra ut, men er kanskje litt lite ...
Carrot
?
Pepper
IKKJE RØR DET, GULROT!
Episode 24: Samhaldstreet, Page 5
Sound
Plooom!!
Pepper
Der! Rett storleik. No er det heilt perfekt! Men eg ser ikkje kva skade det kan gjera å ta treet ut av mikrodimensjonen. Det er jo berre eit samhaldstre – ikkje ein øydeleggingsformular.
Greitt! På tide å få flytta denne mikro-dimensjonen inn i røynda, så dei får sjå kor kreativt kaoset kan vera! Då vert dei nok lange i maska!
Sound
DOooong!!
Thyme
Der ja – Pepar er tilbake. Bravo, Kajenne. Pedagogikken din kastar endeleg av seg.
Cayenne
Takkar, overheks Timian.
Writing
KOMONA-nytt
Episode 24: Samhaldstreet, Page 6
Pepper
GULROT! Eg skal berre ned og henta Timian, Kajenne og Karve. Og ikkje rør noko i mellomtida, forstått?!
Bra. Eg er straks tilbake!
Sound
BRRrrr BRRr BRRrrr BRRrrr BRRrrr BRrr
Carrot
?
Sound
Sjroof!!!
Carrot
!!
Sound
BRRr BRRrrrr
Carrot
!!
Pepper
De kjem til å verta heilt himmelfalne! Tippar de aldri har sett noko liknande! Berre følg med opp ...
Episode 24: Samhaldstreet, Page 7
Sound
Sjroooof!!
Pepper
?!!
Sound
Fooom!!!
KRASJ!!!
Pepper
Ser visst ut til at eg har studert øydeleggings-formularar likevel ...
Narrator
– SLUTT –
Episode 24: Samhaldstreet, Page 8
Credits
Gledeleg jul!
Desember 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Forbetring av dialogen: Craig Maloney, CalimeroTeknik og Jookia.
Korrekturlesing og tidleg tilbakemelding: Alex Gryson, Nicolas Artance, Ozdamark, Zveryok, Valvin og xHire.
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Programvare: Krita 3.2.3 og Inkscape 0.92.2 på Ubuntu 17.10
Licens: Creative Commons Attribution 4.0
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 810 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy
Les 63 kommentarar.