Cayenne: Eit samhalds-tre? Her?!?. NEI! Me er kaosah-hekser, så me DRIV IKKJE med slikt.. Sound: POFF!. Cayenne: Bruk heller tida på å læra deg øydeleggings-formularane!. Pepper: Øydelegging? På denne tida av året? Ville det ikkje vore betre med skapings-formularar?. Cayenne: Snart er det tid for neste rådsmøte under dei tre månane – og for eksamen! Så lær! Pugg! ØV!!! OG SLUTT MED Å LA DEG DISTRAHERA AV DESSE TOSKNE INNFALLA!!!.
Sound: Kleis!. Ffff. Carrot: trykk. Pepper: Grrrrr...!!!. Vinter utan noko samhaldsstre?! Aldri!. Eg får laga mitt eige tre – ved hjelp av trolldom!. Ja! Kanskje eg for fyrste gong kan kombinera trolldom frå både hippiah og kaosah! Eit stort, grønt tre, lyssett av stjerner og mini-solsystem! Å, det hadde vore heilt nydeleg!. Og ikkje minst kreativt!. Men eg kan ikkje bruka slik magi her ... Gudmødrene ville straks oppdaga at eg ikkje pugga øydeleggings-formularar..
Pepper: Med mindre ... Om eg ikkje hugsar feil .... Sound: Knnsj. Pepper: Nettopp! I kapittelet om øydeleggingsformularar rår Timian oss til fyrst å prøva dei ut i mikrodimensjonar. Men så mange åtvaringar det er:. Mm.... Writing: « IKKJE bruk opp all reaen på å skapa mikrodimensjonen.». Pepper: Seier seg sjølv.. Writing: «Av tryggleiksgrunnar må du ALDRI ta med deg resultatet tilbake.». Pepper: Pff... Sjølvsagt ikkje!. Her er det!. Writing: « IKKJE forvent hjelp utanfrå ... ... INGEN kan sjå kva du driv med!». Pepper: Ingen? Verkeleg?! Heilt perfekt! Til verket!. Sound: SjiiING. Sjvoomp!!. Cumin: Var det Pepar som laga ein mikrodimensjon?. Thyme: Bra! Håpar ho fekk med seg alle åtvaringane som eg skreiv i kapittelet om øydeleggingsformularar.. Writing: KOMONA-nytt.
Pepper: Dødskult! Det er ei boble som inneheld berre den delen av biblioteket eg treng – og er heilt isolert frå vår eiga verd. Ei perfekt leikegrind for utprøving av trylleformularar.. No kan eg konsentrera meg om meisterverket!. Sound: SjiiING. PLOooom!!. Pepper: He. Trur ikkje det .... Sound: Dhoooff!!. Pepper: Æsssj!. Sound: Tsjting!!. Pepper: Ja! Ser bra ut, men er kanskje litt lite .... Carrot: ?. Pepper: IKKJE RØR DET, GULROT!.
Sound: Plooom!!. Pepper: Der! Rett storleik. No er det heilt perfekt! Men eg ser ikkje kva skade det kan gjera å ta treet ut av mikrodimensjonen. Det er jo berre eit samhaldstre – ikkje ein øydeleggingsformular.. Greitt! På tide å få flytta denne mikro-dimensjonen inn i røynda, så dei får sjå kor kreativt kaoset kan vera! Då vert dei nok lange i maska!. Sound: DOooong!!. Thyme: Der ja – Pepar er tilbake. Bravo, Kajenne. Pedagogikken din kastar endeleg av seg.. Cayenne: Takkar, overheks Timian.. Writing: KOMONA-nytt.
Pepper: GULROT! Eg skal berre ned og henta Timian, Kajenne og Karve. Og ikkje rør noko i mellomtida, forstått?!. Bra. Eg er straks tilbake!. Sound: BRRrrr BRRr BRRrrr BRRrrr BRRrrr BRrr. Carrot: ?. Sound: Sjroof!!!. Carrot: !!. Sound: BRRr BRRrrrr. Carrot: !!. Pepper: De kjem til å verta heilt himmelfalne! Tippar de aldri har sett noko liknande! Berre følg med opp ....
Sound: Sjroooof!!. Pepper: ?!!. Sound: Fooom!!!. KRASJ!!!. Pepper: Ser visst ut til at eg har studert øydeleggings-formularar likevel .... Narrator: – SLUTT –.
Credits: Gledeleg jul!. Desember 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Forbetring av dialogen: Craig Maloney, CalimeroTeknik og Jookia.. Korrekturlesing og tidleg tilbakemelding: Alex Gryson, Nicolas Artance, Ozdamark, Zveryok, Valvin og xHire.. Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.. Programvare: Krita 3.2.3 og Inkscape 0.92.2 på Ubuntu 17.10. Licens: Creative Commons Attribution 4.0. Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 810 som støtta denne episoden:. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy.