Episode­tittel
Tittel
Episode 35: Refleksjonen
Episode 35: Refleksjonen, Side 1
Pepar
Å, du er vaken!
Alt i orden? Du frys ikkje?
Eg er dessverre snart tom for rea, og kraftfeltet mitt er ikkje tjukt nok til å verna oss mot kulda her oppe.
Episode 35: Refleksjonen, Side 2
Pepar
Snart mistar eg hyperfarten, og draken og drake-ryttaren har halde tritt med oss i timevis. Når me sakkar farten, tek dei oss snart igjen.
For ein tosk eg var! Eg var viss på at dei skulle gje opp for mange timar sidan!
Om me berre hadde klart å rista dei av oss.
Nei, me må kvitta oss heilt med dei! Og det før dei når oss att!
Men så er eg så ... ... utruleg ... ... trøytt ...
Oi sann! Full skjerpings, Pepar!
Episode 35: Refleksjonen, Side 3
Torreya
Såg du det?
Arra
Ja, no er det ikkje lenge att. Snart er ho heilt tom for kraft.
Torreya
Og då går me til åtak!
Episode 35: Refleksjonen, Side 4
Lyd
BRAK!
Pepar
KVA?!
Braut dei lydmuren?!
!!!
Lyd
VOoosJ!!!
Pepar
Grrr! Hald deg fast, Gulrot!
Episode 35: Refleksjonen, Side 5
Pepar
SØREN! KVA GJER ME NO?!
Å!
Episode 35: Refleksjonen, Side 6
Pepar
Hornsjøgrotta!
Her har me ein sjanse, Gulrot!
Eg kjenner denne grotta.
Ho har ein lang, buktande hòlegang som endar i eit samanrasa rom. Dryppsteinane frå taket vart liggjande som ein vegg med piggar. Det er ei dødsfelle! Det finst ei lita opning som er nett stor nok til at me kjem oss ut. Men draken har ikkje sjanse til å styra unna, så dei kjem til å treffa veggen med full kraft! Muhahaha!
Episode 35: Refleksjonen, Side 7
Pepar
Perfekt! Dei følgjer etter oss!
No er me snart kvitt dei.
Og det vert litt av eit syn! Muhahaha!
!!!
Episode 35: Refleksjonen, Side 8
Pepar
Vent! Kva har eg blitt? Ein mordar? Ei vond heks?
!!!
Episode 35: Refleksjonen, Side 9
Pepar
NEI! Det er ikkje slik eg er!
STOOOPP!!!
Lyd
Svoosj!
Pepar
EG OVERGJEV MEG!
Episode 35: Refleksjonen, Side 10
Torreya
Du veit at det umogleg kan enda godt for deg om du overgjev deg til meister Wasabi?
Pepar
Eg er klar over det. Men eg trur likevel det finst ein måte å få henne til å forstå.
Alt kan gjerast godt att. Det lærte eg av ei god veninne.
Episode 35: Refleksjonen, Side 11
Pepar
Takk for at du lét Gulrot henta reine klede til meg.
Torreya
Berre hyggjeleg. Du gjorde arbeidet vårt lettare, så det minste eg kunne gjera, var å gjengjelda tenesta.
Men du veit at Wasabi er skikkeleg sur på deg? Ho krev at alt er perfekt. Du øydela ved å vera upassande kledd, vera skiten og ved å forstyrra seremonien. Og du gjekk til åtak på henne! Ho kjem ikkje til å vera nådig.
Pepar
Eg er klar over det.
Torreya
Men no treng eg ein liten blund. Me dreg når eg vaknar. Gjer som du vil i mellomtida, men hald deg i nærleiken ...
Lyd
Splasj
Torreya
For ei merkeleg heks.
Episode 35: Refleksjonen, Side 12
Pepar
No, same kva farar og kniper eg hamnar i, vil eg vera tru mot den eg er. Det lovar eg!
Forteljar
FRAMHALD FØLGJER ...
Episode 35: Refleksjonen, Side 13
Bidragsytarar
18. juni 2021 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Arlo James Barnes, Craig Maloney, Karl Ove Hufthammer, Martin Disch, Nicolas Artance, Parnikkapore og Valvin. Omsetjing til nynorsk Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 4.4.2 og Inkscape 1.1 på Kubuntu Linux 20.04. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 054 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!