Episode­tittel
Tittel
Episode 36: Eit overraskande åtak
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 1
Wasabi
TILGJE DEG?! Tullar du?!
KAST HENNE I FENGSEL!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 2
Lyd
Fsssj...
Pepar
Søren! Eg kan jo ikkje gjera noko her!
Hersens magiske fengsel! Grrr!
Lyd
KLANK!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 3
Pepar
At eg kunne vera så godtruande!
Shichimi
Hysssj, Pepar! Demp deg.
Pepar
Kven der?!
Shichimi
Hysj, sa eg! Kom hit. Eg skal få deg fri.
Lyd
Ksjiii...
Pepar
Shichimi?
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 4
Shichimi
Eg er ... Eg er lei for det som hende ...
... slåstinga vår, veit du.
Eg ... eg måtte gjera det.
Pepar
Eg skjønar. Ikkje tenk på det. Takk for at du er her.
Shichimi
Magien i cella er veldig sterk – du har verkeleg fått full pakke!
Pepar
Ha-ha!
Shichimi
Ikkje så høgt, elles oppdagar dei oss ...
Rotte
SLIKK SLIKK SLIKK
Shichimi
Men du, det er endå ein grunn til at eg er her. Like etter seremonien vart eg innlemma i Wasabis indre sirkel, og då fekk eg vita om planane hennar ...
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 5
Shichimi
Det er forferdeleg, Pepar!
Wasabi ynskjer rett og slett å herska over alle dei andre magiskulane ...
Og ved morgongry dreg ho med ein hekse-hær til Kvalistad ...
Pepar
Å nei! Koriander! Og riket hennar!
Shichimi
Og Zombiah-magien! Me må skunda oss og åtvara henne.
Ein drake med ryttar står klar oppe på plattforma for å hjelpa oss vekk.
Der – endeleg fekk eg opp låsen!
Lyd
Tsing!
Pepar
Bra jobba! Eg skal berre henta Gulrot og hatten min.
Rotte
Piiip!
Gulrot
FRES!
Lyd
KLANK!
Rotte
Piiip!
Lyd
KLINK!
KLANK!
KLINK!
KLANK!
Pepar
!!!
Shichimi
!!!
Vaktar
VAKT! HJELP TIL!
EIN INNTRENGJAR PRØVER Å HJELPA FANGEN Å FLYKTA!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 6
Shichimi
Men me klarte det nesten ...
Pepar
Ja, nesten ...
Veit du forresten kvifor Wasabi har eit horn i sida til meg?
Shichimi
Ho er redd for de Kaosah-hekser, Pepar ...
Og spesielt for kjede-reaksjonane dykkar. Ho meiner dei er ein stor trugsel mot planane hennar.
Pepar
Å, pfff ... Der treng ho iallfall ikkje uroa seg; eg har aldri heilt fått til å skapa ein einaste ein.
Shichimi
Har du ikkje?
Pepar
Nei, aldri, ha-ha-ha!
Shichimi
Hi-hi-hi! Ho er verkeleg paranoid ...
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 7
Konge
Adjutant! Er du sikker på at dette er tempelet til denne heksa?
Adjutant
Temmeleg sikker, min herre! Fleire av spionane våre har sett henne her i det siste.
Konge
Grrr... Så det er her ho som trugar kringskunsten og tradisjonane våre, bur!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 8
Konge
La oss feira den nye alliansen vår ved å jamna heile tempelet med jorda.
Fiende
Godt sagt!
Lyd
Klapp
Hær
Bra! Bra! Bra! Ja! Heia! Juurrr! Hepp! Jihaa! Jaaah! Hurra!
Konge
KATAPULTAR! FYR!!!
Lyd
huUVOOOOOOOOOOO!
Vooosj! Vooosj!
Konge
TIL ÅÅÅTAAAK!!!
Pepar
Kva skjer? Eit åtak?!
Lyd
DRØNN! DRØNN!
Shichimi
Kva?!
Lyd
KA-BOOM!
BRAK!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 9
Pepar
Host! Hark!
Shichimi! Går det bra?
Shichimi
Ja, det gjekk fint. Og du? Og Gulrot?
Pepar
Bra med oss òg.
Kva i alle dagar?! Eg ... kan ikkje tru det ...
Shichimi
Kva gjer alle krigarane her?! Og med katapultar?! Kva vil dei oss?
Pepar
Ikkje godt å seia ... Men dei to der dreg eg iallfall kjensel på.
Shichimi
?
!!!
Torreya – her!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 10
Torreya
Shichimi! Åndene vera lova – du er trygg!
Lyd
Trykk
Torreya
Eg vart så redd då eg fekk høyra at dei hadde teke deg til fange! Og så dette åtaket! For eit kaos!
Shichimi
Det er så godt å sjå deg, Torreya.
Pepar
Du store ...
Så drakeryttaren var kjærasten til Shichimi ...
Tør ikkje tenkja på at eg nesten kvitta meg med henne der i hòla.
Og dei to hærane må ha følgt etter meg.
Hadde det ikkje vore for dei, hadde me framleis vore fengsla.
Alt heng saman ...
... Oi!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 11
Torreya
Kva er det med henne?
Shichimi
Pepar – går det bra?
Pepar
Ja, alt i orden. Eg har berre innsett noko.
Alt som har skjedd, er – direkte eller indirekte – følgjer av mine handlingar, mine val ...
... med andre ord: min kjedereaksjon!
Shichimi
Verkeleg? Dette må du forklara for meg.
Torreya
Nok snakk – me er midt i eit slag. Me kan snakka om det på flyturen. Hopp på, Pepar!
Shichimi
Torreya har rett. Me må koma oss til Kvalistad.
Pepar
Nei, vent litt.
Hæren til Wasabi er i ferd med å gå til motåtak. Me kan ikkje berre la dei ta livet av kvarandre.
Eg kjenner det er mitt ansvar å få slutt på denne kampen.
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 12
Torreya
Men korleis?
Arra
Ja, korleis skal du få til det, vesle heks? Eg kjenner at du ikkje har fått bygd opp nok rea enno.
Pepar
Det stemmer, men eg har ein trylleformel på lur som kanskje kan ordna alt. Eg treng berre lite grann av rea-en din for å kunna nå alle der nede.
Arra
Gje energi til ei heks? Det er forbode! Gløym det! Aldri!
Pepar
Vil du heller sjå eit blodbad her?
Torreya
Ver så snill, Arra. Gjer eit unntak. Jentene og drakane som slåst, høyrer jo til skulen vår, familien vår. Og det gjer du òg.
Shichimi
Ja, ver så snill, Arra!
Arra
PFF! Greitt! Men ho gjer det på eige ansvar!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 13
Lyd
Fsjjj!!!
Pepar
Oi! Å-å-å!
Så det er slik drake-rea kjennest!
Shichimi
Skund deg, Pepar! Me har lite tid!
Pepar
Allus ...!
Yuus ...!
Needum ...!
Est ...
... LOVIUS!
Lyd
Dzziooo!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 14
Lyd
Sjsss! Sjiii! Hfhiii! Dziiing! Fuss! Fuss! Dziiing! Hfhiii! Sjiii! Sjsss!
Pepar
Denne trylleformelen var første forsøket mitt på ein antikrigsformel.
Han gjer fiendar om til vener ...
... og vald om til kjærleik og medkjensle.
Shichimi
Oi! Det ... Det er heilt utruleg, Pepar! Dei har slutta å slåst!
Torreya
Formelen verkar!
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 15
Shichimi
Men kva er det som skjer? Nokre av dei kyssar kvarandre?!
Torreya
Oi ... Her var det mange nye par!
Hadde du rekna med dette, Pepar?
Pepar
Æh, eigentleg ikkje ... Det må ha vore drake-rea-en som førte til ein overdose kjærleik i formelen.
Torreya
Ha-ha! Dette slaget går nok rett inn i historiebøkene!
Shichimi
Tji-hi. Utan tvil!
Pepar
Å, så flautt!
Forteljar
– SLUTT –
Episode 36: Eit overraskande åtak, Side 16
Bidragsytarar
15. desember 2021 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Arlo James Barnes, Bhoren, Bobby Hiltz, Craig Maloney, Estefania de Vasconcellos Guimaraes, GunChleoc, Karl Ove Hufthammer, Nicolas Artance, Pierre-Antoine Angelini og Valvin. Omsetjing til nynorsk Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nicolas Artance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 5.0β og Inkscape 1.1 på Kubuntu Linux 20.04. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 036 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!