Episode­tittel
Tittel
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 1
Forteljar
Komona by, marknadsdag
Pepar
God morgon! Eg vil gjerne ha åtte graskar-stjerner, takk.
Grønsakshandlar
Ver så god. Det vert 60 Ko*.
Merknad
* Ko = mynteininga i Komona
Pepar
Oi sann ...
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 2
Pepar
Øh, orsak, eg må visst nøya meg med fire ...
Grønsakshandlar
Grrr...
Safran
Ver helsa, gode mann. Ver venleg å gjera klart to dusin av alt for meg. Prima varer, som vanleg.
Grønsakshandlar
Alltid ei glede, frøken Safran!
Safran
Men her har me jo Pepar!
La meg gjetta: Forretningane går strålande ute på landet?
Pepar
...
Safran
Eg reknar med at du handlar ingrediensar til trylledrikk-konkurransen i morgon?
Pepar
... trylledrikk-konkurranse? ... i morgon?
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 3
Skrift
Komona trylledrikk-konkurranse
LAG DEN BESTE TRYLLEDRIKKEN 50 000 Ko i premie
På azardag kl. 15 Stortorget i Komona
Pepar
Heldigvis har eg ein heil dag til å førebu meg!
Sjølvsagt skal eg delta!
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 4
Pepar
...
Aha! Eg veit ...
... nett kva eg treng!
Gulrot! Gjer deg klar! No skal me leita etter ingrediensar.
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 5
Pepar
Fyrst treng me nokre doggperler frå mørke uvêrsskyer ...
... og raude bær frå trollskogen ...
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 6
Pepar
... pluss føniks-eggeskal frå vulkandalen ...
... og til sist ein drope mjølk frå ei ung drakeku.
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 7
Pepar
Det var det, Gulrot. Eg trur eg har alt eg treng.
Det ser ... ... perfekt ut.
Mmm... Beste ... kaffien ... nokosinne! Akkurat det eg treng når eg skal arbeida heile natta og laga den perfekte trylledrikken til konkurransen i morgon.
Forteljar
Framhald følgjer ...
Episode 3: Dei hemmelege ingrediensane, Side 8
Bidragsytarar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder. (Creative Commons Attribution 3.0 Unported. Høgoppløyste kjeldefiler er tilgjengelege for nedlasting.)
Denne episoden kunne ikkje vore laga utan dei 93 støttespelarane mine:
https://www.patreon.com/davidrevoy
Алексей, 獨孤欣, Albert Westra, Alejandro Flores Prieto, Alex Lusco, Alex Silver, Alex Vandiver, Alexander Sopicki, Andreas Rieger, Andrew, Andrew Grady, Andrey Alekseenko, Anna Orlova, Antan Karmola, Antoine, Aslak Kjølås-Sæverud, Axel Bordelon, Axel Philipsenburg, Ben Evans, Boonsak Watanavisit, Boudewijn Rempt, carlos levischi, Charlotte Lacombe-bar, Chris Sakkas, Christophe Carré, Clara Dexter, Colby Driedger, Conway Scott Smith, Dmitry, Eitan Goldshtrom, Enrico Billich,-epsilon-, Garret Patterson, Gustav Strömbom, Guy Davis, Helmar Suschka, Ilyas Akhmedov, Inga Huang, Irene C., Jean-Baptiste Hebbrecht, JEM, Jessey Wright, John, Jónatan Nilsson, Joseph Bowman, Juanjo Fernández Monreal, Jurgo van den Elzen, Kai-Ting (Danil) Ko, Kasper Hansen, Kathryn Wuerstl, Ken Mingyuan Xia, Liselle, Lorentz Grip, MacCoy, Mandy, Martin Owens, Maurice-Marie Stromer, Mauricio Vega, mefflin ross bullis-bates, Michelle Pereira Garcia, Morten Hellesø Johansen, Nazhif, Nicki Aya, Nicolae Berbece, Nicole Heersema, No Reward, Noah Summers, Noble Hays, Olivier Amrein, Olivier Brun, Oscar Moreno, Pavel Semenov, Peter Moonen, Pierre Vuillemin, Ret Samys, Reuben Tracey, Rustin Simons, Sami T, Sean Adams og Shadefalcon.
Pepar
Tusen takk!
Bidragsytarar
Særskild takk til David Tschumperlé (Gmic) og heile Krita-teamet! Omsetjing: Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer
Denne episoden er 100 % teikna med fri programvare: Krita og Gmic på Xubuntu (GNU/Linux)