Episode­tittel
Title
Episode 27: Oppfinninga til Koriander
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 1
Narrator
Ettermiddag i byen Kvalistad.
Writing
KRONINGA AV HENNAR MAJESTET DRONNING KORIANDER
Tailor
Ver så snill , prinsesse Koriander ...
Kan du ikkje prøva å stå litt stille?
Coriander
Greitt, greitt ...
Tailor
Me har knapt med tid – kronings-seremonien er om berre tre timar.
Coriander
...
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 2
Coriander
Du ... Eg går og grublar over tryggleiken igjen ...
Det er så mange kongar og dronningar som har blitt snikmyrda under kronings-seremonien. Også i slekta mi.
Og om berre nokre timar får me tusenvis av gjestar frå heile verda – og eg vert midtpunktet. Det gjer meg skikkeleg redd!
Pepper
Ta det roleg, Koriander. Me følgjer planen vår. Shichimi og eg skal vera livvaktene dine, veit du.
Shichimi
Akkurat. Ta ein pause no – og tenk på noko anna ei stund.
Coriander
OK.
Forresten – kan eg visa dykk den siste oppfinninga mi?
Tailor
...
Coriander
Eg har henne i arbeidsrommet i kjellaren. Denne vegen.
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 3
Coriander
Det er ein spesiell grunn til at eg ville laga henne.
Det heng saman med uroa mi rundt kroninga.
Hels på den nye oppfinninga ...
Sound
Klikk!
Psychologist-Bot
Hei, verda.
Eg er din nye PSYKOLOG-BOT. Blipp, blopp!
Legg deg ned på divanen for ei gratis undersøking.
Sound
Klapp!
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 4
Coriander
No, kva synest du? Lyst til å prøva han?
Pepper
Pøh. Trengst ikkje. Eg har ingen psykiske vanskar.
Sound
BZZZ!
Pepper
KVA ER DET SOM FEILAR DEN ROBOTEN DIN?!
Coriander
Orsak! Han har framleis ein liten feil eg ikkje har klart å retta enno. Han gjev automatisk støyt når han oppdagar ei løgn .
Pepper
Ei løgn?!
Men eg har ikkje fortalt ei løgn i heile mitt LIV!
Sound
BZZZ!
Pepper
DETTE ... ER IKKJE ... MOROSAMT!!!
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 5
Shichimi
Morosamt? Nei, sjølvsagt ikkje! Orsak.
Coriander
He-he! Heilt sant! Slett ikkje morosamt!
Sound
BZZZ!
Pepper
Ha ... Ha ... Ha.
Coriander
Å, NEI! Kroningsdrakta er øydelagd! Skreddaren vert rasande!
Slem robot! Eg skal retta feilen din, ein gong for alle!
Pepper
VENT!!!
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 6
Pepper
Eg trur eg veit korleis me kan dra nytte av denne feilen.
Sound
Pling!
Narrator
Same kveld ...
Writing
KRONINGA AV HENNAR MAJESTET DRONNING KORIANDER
Sound
BZZZ!
Coriander
Du er heilt genial, Pepar!
Pepper
Nei, det er det du som er. Det er jo di oppfinning!
Psychologist-Bot
Ver så god, neste.
Hei. Har du planlagt eit attentat i kveld?
Narrator
FRAMHALD FØLGJER ...
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 7
Credits
31. oktober 2018 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Amyspark, Butterfly, Bhoren, CalimeroTeknik, Craig Maloney, Gleki Arxokuna, Imsesaok, Jookia, Martin Disch, Midgard, Nicolas Artance, uncle Night, ValVin, xHire og Zveryok. Korrekturlesing engelsk versjon: Calimeroteknik, Craig Maloney, Midgard og Martin Disch . Omsetjing til nynorsk: Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson . Programvare: Krita 4.2-dev og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 18.04. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepper
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 060 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!
Les 53 kommentarar.