Narrator: Ettermiddag i byen Kvalistad.. Writing: KRONINGA AV HENNAR MAJESTET DRONNING KORIANDER. Tailor: Ver så snill , prinsesse Koriander .... Kan du ikkje prøva å stå litt stille?. Coriander: Greitt, greitt .... Tailor: Me har knapt med tid – kronings-seremonien er om berre tre timar.. Coriander: ....
Coriander: Du ... Eg går og grublar over tryggleiken igjen .... Det er så mange kongar og dronningar som har blitt snikmyrda under kronings-seremonien. Også i slekta mi.. Og om berre nokre timar får me tusenvis av gjestar frå heile verda – og eg vert midtpunktet. Det gjer meg skikkeleg redd!. Pepper: Ta det roleg, Koriander. Me følgjer planen vår. Shichimi og eg skal vera livvaktene dine, veit du.. Shichimi: Akkurat. Ta ein pause no – og tenk på noko anna ei stund.. Coriander: OK.. Forresten – kan eg visa dykk den siste oppfinninga mi?. Tailor: .... Coriander: Eg har henne i arbeidsrommet i kjellaren. Denne vegen..
Coriander: Det er ein spesiell grunn til at eg ville laga henne.. Det heng saman med uroa mi rundt kroninga.. Hels på den nye oppfinninga .... Sound: Klikk!. Psychologist-Bot: Hei, verda.. Eg er din nye PSYKOLOG-BOT. Blipp, blopp!. Legg deg ned på divanen for ei gratis undersøking.. Sound: Klapp!.
Coriander: No, kva synest du? Lyst til å prøva han?. Pepper: Pøh. Trengst ikkje. Eg har ingen psykiske vanskar.. Sound: BZZZ!. Pepper: KVA ER DET SOM FEILAR DEN ROBOTEN DIN?!. Coriander: Orsak! Han har framleis ein liten feil eg ikkje har klart å retta enno. Han gjev automatisk støyt når han oppdagar ei løgn .. Pepper: Ei løgn?!. Men eg har ikkje fortalt ei løgn i heile mitt LIV!. Sound: BZZZ!. Pepper: DETTE ... ER IKKJE ... MOROSAMT!!!.
Shichimi: Morosamt? Nei, sjølvsagt ikkje! Orsak.. Coriander: He-he! Heilt sant! Slett ikkje morosamt!. Sound: BZZZ!. Pepper: Ha ... Ha ... Ha.. Coriander: Å, NEI! Kroningsdrakta er øydelagd! Skreddaren vert rasande!. Slem robot! Eg skal retta feilen din, ein gong for alle!. Pepper: VENT!!!.
Pepper: Eg trur eg veit korleis me kan dra nytte av denne feilen.. Sound: Pling!. Narrator: Same kveld .... Writing: KRONINGA AV HENNAR MAJESTET DRONNING KORIANDER. Sound: BZZZ!. Coriander: Du er heilt genial, Pepar!. Pepper: Nei, det er det du som er. Det er jo di oppfinning!. Psychologist-Bot: Ver så god, neste.. Hei. Har du planlagt eit attentat i kveld?. Narrator: FRAMHALD FØLGJER ....
Credits: 31. oktober 2018 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Amyspark, Butterfly, Bhoren, CalimeroTeknik, Craig Maloney, Gleki Arxokuna, Imsesaok, Jookia, Martin Disch, Midgard, Nicolas Artance, uncle Night, ValVin, xHire og Zveryok. Korrekturlesing engelsk versjon: Calimeroteknik, Craig Maloney, Midgard og Martin Disch . Omsetjing til nynorsk: Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson . Programvare: Krita 4.2-dev og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 18.04. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com. Pepper: Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 060 som støtta denne episoden!. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!.