Episode­tittel
Tittel
Episode 19: Forureining
Episode 19: Forureining, Side 1
Kajenne
Eg stikk inn. Det har lite for seg å stå og glo på at du grev ... Grav ned alle desse mislukka trylledrikkane, og kom inn for å kvila så snart du kan.
Det er nok berre ynskjetenking at du vil lukkast betre i morgon, men me får vel halda håpet i live!
Pepar
Ja då, eg skal skunda meg! Men kva er greia med at me alltid skal grava ned ting ? Var det ikkje betre om me ...
Kajenne
Om me KVA ?
Episode 19: Forureining, Side 2
Pepar
Æh ... Eg er jo ikkje akkurat nokon ekspert, men kjøkenhagen vår er jo ganske merkeleg i år. Og det gjeld for så vidt mange av dei andre plantene her omkring òg.
Skrift
Tomat
Aubergine
Pepar
Og maurane – dei har visst noko underleg på gang.
Så ... ... eg tenkte at me kanskje har eit lite forureiningsproblem – og kanskje burde reinska opp litt ...
Kajenne
Høyr her, frøken « eg-øydelegg-alle-trylledrikkane-mine »: Det ser ut til at hippiah-heksedrakta har gått deg til hovudet.
I kaosah-magien gravlegg me alltid feila våre! Det har vore tradisjon i all tid, og eg gjev regelrett blaffen i kva MODER JORD måtte meina om den saka!
Så klapp igjen og GRAV !
Episode 19: Forureining, Side 3
Pepar
... me gravlegg feila våre ...
... tradisjon ...
... i all tid ...
SJØLVSAGT!
Gulrot
Zzzz
Pepar
Kom igjen! Raska på, Gulrot!
Episode 19: Forureining, Side 4
Pepar
«Å, fagre, blonde krigar med gylne lokkar!»
«Du som heimsøkjer kaoset mitt!»
«Du er entropien i solrenninga mi.»
Vakker poesi, frøken Kajenne! Det er utruleg kva ein kan finna ut om hekser som grav-legg alle feila sine!
Skrift
Kajennes private dagbok
Episode 19: Forureining, Side 5
Kajenne
Me har alle gjort feil. Eg er ikkje lenger den Kajenne som skreiv det der. Det er ein god grunn til at dagboka er graven ned.
Pepar
...
OK! Men kva har de å seia til dette?!
Skrift
KAOSAH-SUTRA av Timian
Timian
Det er berre eit feiltrinn frå ungdomstida – og uansett er det ikkje noko for jenter på din alder!
Pepar
Hm ... Eg forstår ...
De er eigentleg ikkje flaue over noko av dette ...
Episode 19: Forureining, Side 6
Pepar
Men kva med miljøe t ? Naturen ! Me kan ikkje halda fram med å forureina slik utan at det får alvorlege følgjer!!!
Kajenne
Det har ikkje vore noko problem til no!
Me er kaosah-hekser, og problema våre gravlegg me alltid djupt nede! Tradisjonar kan ikkje diskuterast!
Karve
Å, sjå kva eg fann! Eg kan knapt tru det!
Korleis hamna denne her?
Treng nok litt finstemming, men det er enno lyd i han.
Episode 19: Forureining, Side 7
Karve
Korleis var han no igjen? Ka~ka, ka, kaooosah!
Ha-ha, eg har visst gløymt teksten! Kanskje songboka mi òg er her ein plass ...
Kajenne
... så då er det einstemmig? Oppdatering av kaosah-reglane: Frå no av sorterer, knuser og resirkulerer me alt! ABSOLUTT ALT!
Skrift
glas
metall
Forteljar
– SLUTT –
Bidragsytarar
September 2016 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Manuskriptdokter: Craig Maloney. Korrekturlesing og dialoghjelp: Valvin, Seblediacre og Alex Gryson. Inspirasjon: «The book of secrets» av Juan José Segura.
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Programvare: Krita 3.0.1 og Inkscape 0.91 på Arch Linux XFCE.
Episode 19: Forureining, Side 8
Bidragsytarar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 755 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy
Les 42 kommentarar.