Episode­tittel
Tittel
Episode 26: Bøker er fantastiske
Episode 26: Bøker er fantastiske, Side 1
Pepar
Bøker er fantastiske!
I denne sjeldne boka fortel ein røynd eventyrar alt om denne borga. Dette er gull!
Til dømes skyt dette vonde auget eldkuler mot ubedne gjestar.
Men dersom du kjem inn frå sida, slik at det ikkje kan sjå deg, ...
Episode 26: Bøker er fantastiske, Side 2
Pepar
... og legg ein hatt over,
Lyd
Poff!
Pepar
... så opnar døra seg!
Me får endåtil råd om å la hatten henga, for å gjera det lettare å flykta. Bøker er så fantastiske!
Skrift
«Hopp rett over det fyrste rekkverket.»
Pepar
OK!
Skrift
«Du vil få ei kjensle av å falla. Det er heilt normalt. Dette er ein snarveg.»
Lyd
BOING
BOING
Skrift
«Du kan heilt trygt slappa av i den sjølvlysande spidelveven. Desse edderkoppane er fotosyntetiske og livnærer seg av lyset.»
«Eg vil tilrå ein liten lur for å koma til kreftene att.»
Pepar
Eg elskar bøker!
Episode 26: Bøker er fantastiske, Side 3
Pepar
Å, Gulrot ... Eg veit at kattar hatar å verta våte.
Slapp av! Her òg kan ei bok vera til hjelp!
Og mindre enn ti minutt etter at eg gjekk inn porten, sit eg i skattkammeret og plukkar magiske blad frå det sjeldne vasstreet. Bøker er magiske!
Episode 26: Bøker er fantastiske, Side 4
Skrift
«Plukk med deg ei fjør på vegen.»
Pepar
Ja, her er det nok av fjør!
Skrift
«Sidan du tok snarvegen, er du snart i rommet til vaktaren.»
Pepar
Hm ... Vaktaren?! Kvar er han?
AHA! Fann deg!
Lyd
kitla kitla
Pepar
Pfff...! Nesten for lett når du kjenner det veike punktet hans.
Episode 26: Bøker er fantastiske, Side 5
Lyd
Sjkrrr!
Pepar
Aha! Her er utgangen!
Lyd
Smokk!
Pepar
?!
Æææsj ... Det står heilt sikkert noko om korleis ein kan fjerna denne ... øh ... «greia».
Gulrot ... Kan du lesa for meg?
Nei, sjølvsagt kan du ikkje det. Pff...
EG VISSTE DET! Det var for godt til å vera sant! Grrr!!!
Kan henda det likevel ikkje stemmer at bøker kan løysa alt ...
Lyd
Paff!
Episode 26: Bøker er fantastiske, Side 6
Pepar
Med mindre ...
JIAAAAAAA!!!
Lyd
Dunk!
Pepar
Jo, det stemmer visst likevel, i alle samanhengar ... Bøker er fantastiske!
Forteljar
– SLUTT –
Episode 26: Bøker er fantastiske, Side 7
Bidragsytarar
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Programvare: Krita 4.1 og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 17.10. Teikningar og forteljing: David Revoy. Manushjelp: Craig Maloney. Tidleg tilbakemelding: Ambernite, Craig Maloney, CalimeroTeknik, Jookia, Midgard, Nartance, Popolon, Quiralta, Valvin, xHire og Zeograd. Korrekturlesing engelsk versjon: Craig Maloney og CalimeroTeknik Omsetjing til nynorsk: Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. 28. juli 2018 www.peppercarrot.com
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 098 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy