Episode­tittel
Title
Episode 29: Verdsøydeleggjaren
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 1
Narrator
Samtidig, i ein annan dimensjon ...
Monster
Endeleg! Ei interdimensjonal rivne!
Truleg resultatet av ei kosmisk storhending!
Veks! Veks, vesle rivne! Og vis meg ei ny verd som eg kan TRÆLBINDA og HERSKA OVER!
Oi sann ... Dette var interessant.
I dag er visst lukkedagen min ...
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 2
Monster
Ein dimensjon der det bur intelligente vesen!
Kom igjen, vesle rivne!
Veks! Muhaha-hahaha!
Pepper
Puh! Det var jammen eit kjekt selskap, kjære vener!
Coriander
Forresten, Safran og eg innsåg nettopp at me ikkje har peiling på korleis kaosah-trolldommen din verkar.
Saffron
Ja, det er eit skikkeleg mysterium. Kan du gjera oss litt klokare?
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 3
Pepper
Ha-ha, det er litt vrient å forklara.
Men du kan på ein måte seia at trolldommen byggjer på det å skjøna lovene som styrer kaotiske system ... ... dei minste til dei største.
Coriander
Ja, det var jo veldig klårgjerande ...
Sound
KLØ KLØ
Pepper
Vent litt, så kan eg kanskje finna eit enkelt døme.
Berre ein augneblink, slik at den gode, gamle kaosah-visdommen får verka litt ...
Der ja!
Ser de denne tann-pirkaren som låg mellom brusteinane? Ved å plukka han opp har eg heilt sikkert forhindra nokon å tråkka på han.
Ei lita, positiv endring i livsens store kaotiske system kan altså ha enorme konsekvensar. Det er dette kaosah handlar om!
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 4
Shichimi
Æsj!
Coriander
Uææh! Nokon har hatt han i munnen!
Saffron
Ha-ha! Du imponerer som alltid, Pepar!
Coriander
Fint, Pepar. Takk for denne ... «forklaringa».
Men no er det vel på tide å krypa til køys? Og så bør nok nokon vaska hendene sine.
Pepper
Hei sann! Vent på meg!
Sound
Knips!
Tapp! Tapp!
SMEKK!
Carrot
?
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 5
Sound
Ssss!
Paff!
Tapp!
KNUS!
Sjrroof...
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 6
Writing
LAGERROM FYRVERKERI
Sound
Sjrroof!!
Sjrr!!
BANG!
Monster
Muhaha HA HA! Endeleg! TIL ÅTAK!!!
Sound
Fisss!!
Monster
!?
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 7
Sound
KRASJ!
BANG!
SMELL!
Fusss!
PoFF!
Pepper
Ta det med ro, Gulrot. Det er nok berre nokon som ikkje har avslutta feiringa heilt enno ...
God natt, litle ven!
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 8
Cumin
Verkeleg? Klarte ho å utløysa ein så enorm kjedereaksjon utan å vera klar over det sjølv?!
Cayenne
Utan tvil.
Thyme
Mine damer, no trur eg våre kjære Pepar endeleg er klar!
Sound
Fsjjjj!
Monster
...
Sound
Fvip!
Narrator
– SISTE DEL AV TRILOGIEN OM KRONINGA AV KORIANDER –
Episode 29: Verdsøydeleggjaren, Page 9
Credits
Tusen takk!
Pepper
Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 960 som støtta denne episoden!
25. april 2019 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: CalimeroTeknik, Craig Maloney, Martin Disch, Midgard, Nicolas Artance og Valvin. Omsetjing til engelsk: CalimeroTeknik, Craig Maloney, Martin Disch og Midgard . Omsetjing til nynorsk : Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson . Programvare: Krita 4.1.5~appimage og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 18.04.1. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Visste du dette? Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon!
Les 63 kommentarar.