Episode­tittel
Tittel
Episode 28: Feiringa
Episode 28: Feiringa, Side 1
Forteljar
Den kvelden stod alle Herevas tre månar på linje ... ... og i gjenskinet var zombiah-katedralen eit mektig syn!
Det var under dette magiske lyset at veninna mi Koriander vart krona til ...
... dronning av Kvalistad.
Episode 28: Feiringa, Side 2 title=
Episode 28: Feiringa, Side 3
Forteljar
Og etterpå var det feiring.
Eit storslege selskap – med alle trolldomsskulane, og hundrevis av viktige gjestar frå heile Hereva.
Pepar
!?
Episode 28: Feiringa, Side 4
Pepar
Å, er det deg?
Gulrot
gni gni
Pepar
Eg stod heilt i mine eigne tankar.
Eg går inn. Det byrjar å verta kaldt.
Journalist
Skund dykk! No er ho her!
Kom igjen! Der er ho!
Frøken Safran! Vil du dela nokre ord med lesarane av Kvalistad tidend?
Safran
Sjølvsagt det!
Lyd
BLITS
BLITS
BLITS
BLITS
Journalist
Frøken Safran! Hereva moteblad her. Kven er det som har designa kjolen din?
Pepar
...
No trur eg eg skjønar kva som gjer at eg ikkje er heilt i feststemning, Gulrot.
Episode 28: Feiringa, Side 5
Pepar
Alle veninnene mine er så vellukka. Av og til skulle eg ynskja eg hadde berre ein brøkdel av det dei har.
Koriander er dronning.
Og Safran ei rik superstjerne.
Også Shichimi ser så perfekt ut, der ho vandrar saman med skulen sin.
Og eg? Kva har eg?
Det her.
Episode 28: Feiringa, Side 6
Shichimi
Pepar?
Eg sneik med meg litt mat. Lyst på?
Episode 28: Feiringa, Side 7
Shichimi
Det kjennest rart ut å måtta snika seg unna for å få ein matbit. Men læraren vår seier at me må te oss som reine sjeler – utan teikn på at me har menneskelege behov.
Safran
Så det er her de er!
Endeleg! Ein stad eg kan sleppa unna alle fotografane! Eg vert heilt sprø av dei!
Koriander
Fotografar?
Prøv å sleppa unna endelause samtalar med keisame politikarar når du går rundt med ei slik ei på hovudet, du.
Lyd
klø, klø
Episode 28: Feiringa, Side 8
Koriander
Eg fekk forresten endeleg treft gudmødrene dine, Pepar. Dei er verkeleg noko for seg sjølve.
Pepar
!!!
Koriander
Altså, du er så heldig! Du får sikkert lov av dei til å gjera nett kva du vil.
Som å droppa å vera overdrive høfleg utan å måtta frykta ei diplomatisk krise.
Safran
Eller dansa og kosa deg utan å måtta bry deg om kva folk måtte meina!
Shichimi
Eller prøva all maten på bufféen utan å vera uroa for at nokon skulle koma til å sjå deg!
Episode 28: Feiringa, Side 9
Shichimi
Oi! Pepar? Sa me noko gale? Er du lei deg?
Pepar
Slett ikkje! Tusen takk, gode vener!
Forteljar
FRAMHALD FØLGJER ...
Episode 28: Feiringa, Side 10
Bidragsytarar
Januar 2019 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: CalimeroTeknik, Craig Maloney, Martin Disch, Midgard, Nicolas Artance og Valvin. Korrekturlesing engelsk versjon: CalimeroTeknik, Craig Maloney og Martin Disch. Omsetjing til nynorsk: Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 4.1.5~appimage og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 18.04.1. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 960 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!