Episode­tittel
Tittel
Episode 27: Oppfinninga til Koriander
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 1
Forteljar
Ettermiddag i byen Kvalistad.
Skrift
KRONINGA AV HENNAR MAJESTET DRONNING KORIANDER
Skreddar
Ver så snill, prinsesse Koriander ...
Kan du ikkje prøva å stå litt stille?
Koriander
Greitt, greitt ...
Skreddar
Me har knapt med tid – kronings-seremonien er om berre tre timar.
Koriander
...
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 2
Koriander
Du ... Eg går og grublar over tryggleiken igjen ...
Det er så mange kongar og dronningar som har blitt snikmyrda under kronings-seremonien. Også i slekta mi.
Og om berre nokre timar får me tusenvis av gjestar frå heile verda – og eg vert midtpunktet. Det gjer meg skikkeleg redd!
Pepar
Ta det roleg, Koriander. Me følgjer planen vår. Shichimi og eg skal vera livvaktene dine, veit du.
Shichimi
Akkurat. Ta ein pause no – og tenk på noko anna ei stund.
Koriander
OK.
Forresten – kan eg visa dykk den siste oppfinninga mi?
Skreddar
...
Koriander
Eg har henne i arbeidsrommet i kjellaren. Denne vegen.
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 3
Koriander
Det er ein spesiell grunn til at eg ville laga henne.
Det heng saman med uroa mi rundt kroninga.
Hels på den nye oppfinninga ...
Lyd
Klikk!
Psykolog-bot
Hei, verda.
Eg er din nye PSYKOLOG-BOT. Blipp, blopp!
Legg deg ned på divanen for ei gratis undersøking.
Lyd
Klapp!
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 4
Koriander
No, kva synest du? Lyst til å prøva han?
Pepar
Pøh. Trengst ikkje. Eg har ingen psykiske vanskar.
Lyd
BZZZ!
Pepar
KVA ER DET SOM FEILAR DEN ROBOTEN DIN?!
Koriander
Orsak! Han har framleis ein liten feil eg ikkje har klart å retta enno. Han gjev automatisk støyt når han oppdagar ei løgn.
Pepar
Ei løgn?!
Men eg har ikkje fortalt ei løgn i heile mitt LIV!
Lyd
BZZZ!
Pepar
DETTE ... ER IKKJE ... MOROSAMT!!!
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 5
Shichimi
Morosamt? Nei, sjølvsagt ikkje! Orsak.
Koriander
He-he! Heilt sant! Slett ikkje morosamt!
Lyd
BZZZ!
Pepar
Ha ... Ha ... Ha.
Koriander
Å, NEI! Kroningsdrakta er øydelagd! Skreddaren vert rasande!
Slem robot! Eg skal retta feilen din, ein gong for alle!
Pepar
VENT!!!
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 6
Pepar
Eg trur eg veit korleis me kan dra nytte av denne feilen.
Lyd
Pling!
Forteljar
Same kveld ...
Skrift
KRONINGA AV HENNAR MAJESTET DRONNING KORIANDER
Lyd
BZZZ!
Koriander
Du er heilt genial, Pepar!
Pepar
Nei, det er det du som er. Det er jo di oppfinning!
Psykolog-bot
Ver så god, neste.
Hei. Har du planlagt eit attentat i kveld?
Forteljar
FRAMHALD FØLGJER ...
Episode 27: Oppfinninga til Koriander, Side 7
Bidragsytarar
31. oktober 2018 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Amyspark, Butterfly, Bhoren, CalimeroTeknik, Craig Maloney, Gleki Arxokuna, Imsesaok, Jookia, Martin Disch, Midgard, Nicolas Artance, uncle Night, ValVin, xHire og Zveryok. Korrekturlesing engelsk versjon: Calimeroteknik, Craig Maloney, Midgard og Martin Disch. Omsetjing til nynorsk: Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 4.2-dev og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 18.04. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com
Pepar
Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 060 som støtta denne episoden!
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!