Episode­tittel
Tittel
Episode 11: Kaosah-heksene
Episode 11: Kaosah-heksene, Side 1
Kajenne
Pepar, du fører skam over kaosah.
Timian
Kajenne har rett. Ei kaosah-heks som er tittelen verdig, skapar frykt, lydnad og respekt ...
Karve
... men du, derimot, tilbyr te og muffins – til og med til demonane våre!*
Merknad
* Sjå episode 8: Pepars fødselsdag
Pepar
Men ... ... kjære gudmødrer ...
Episode 11: Kaosah-heksene, Side 2
Timian
Det er tydeleg at du har talent, men du er òg den einaste som kan ta over etter oss. Me pliktar å gjera deg til ei ekte, fæl kaosah-heks.
Pepar
Men ... Eg vil ikkje vera fæl! Det ... strir mot alt som eg ...
Kajenne
STILLE!
... eller så tilbakekallar me alle kreftene dine! Og så vert du igjen berre den vesle, dumme, foreldrelause jenta frå Ekornstubben.
Timian
Heretter vil Karve følgja deg, for å læra deg opp og halda oss orienterte om framdrifta di.
Lyd
Poff!
Karve
Ta-daaa!
Episode 11: Kaosah-heksene, Side 3
Karve
Den nye kongen av Akren er altfor snill og god med undersåttane sine. Folket skal frykta kongen sin!
Som fyrste oppdrag skal du finna og skremma kongen, for lettare å kunna manipulera han.
Ei ekte kaosah-heks har makt over dei mektige!
Episode 11: Kaosah-heksene, Side 4
Pepar
Kongen ...? ... så ung?!
Me må vera om lag like gamle ...
Karve
Kva ventar du på?! Kom igjen! Vekk han, og fyll han med skrekk!
Episode 11: Kaosah-heksene, Side 5
Lyd
Dzzz
Pepar
Du og eg – me har mykje til felles ...
Unge ... ... åleine ... ... fanga av skjebnane våre ...
Episode 11: Kaosah-heksene, Side 6
Lyd
Poff!
Pepar
?!
Lyd
Floff!
Timian
Fyrste prøve: STRYK! Me har mykje arbeid framfor oss, Pepar ...
Forteljar
– SLUTT –
Bidragsytarar
September 2015 – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
Episode 11: Kaosah-heksene, Side 7
Bidragsytarar
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 502 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar og Gulrot: https://www.patreon.com/davidrevoy
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0 Kjeldefiler: available at www.peppercarrot.com Verktøy: Denne episoden er 100 % teikna med fri programvare Krita 2.9.7, G’MIC 1.6.5.2, Inkscape 0.91 på Linux Mint 17