Episode­tittel
Tittel
Episode 23: Grip sjansen
Episode 23: Grip sjansen, Side 1
Forteljar
Komona marknad, ei veke seinare
Skrift
Kjendis
50 000 Ko
Safrans suksess
Mote
Fenomenet Safran
Chic
Safran-spesial
Lyd
PAFF!
Episode 23: Grip sjansen, Side 2
Pepar
Takk, Gulrot ...
Kvar einaste dag strevar eg for å vera ei god heks ...
... som respekterer tradisjonane og reglane. Det kjennest urettferdig at Safran vert kjendis ved å bruka slike triks.
Verkeleg ikkje rett.
Episode 23: Grip sjansen, Side 3
Lyd
Klong!
Suksessånda
God dag! La meg presentera meg:
Eg er suksessånda, til teneste tjuefire timar i døgnet, sju dagar i veka!*
Episode 23: Grip sjansen, Side 4
Suksessånda
* Gjeld ikkje helger eller offentlege fridagar. Kan ikkje kombinerast med andre tilbod. Gjeld så lenge lageret rekk.
Marknadsføring over heile verda på ein blunk!
Frisør og stylist følgjer med!
Godt omdøme internasjonalt!
Garantert resultat med det same!
Episode 23: Grip sjansen, Side 5
Suksessånda
Berre ein liten signatur på denne kontrakten, så vil døra til heider og ære stå vidopen for deg!
Pepar
Vent no litt!
Du kjem ramlande ned frå skyene med ei mirakelløysing på problema mine, nett no når alt er som verst?
Kva for deus ex machina-opplegg er det her? Det er mistenkjeleg, er det. Veldig mistenkjeleg!
Me går, Gulrot! Me hadde kan henda falle for noko slikt før, men så lettlurte er me heldigvis ikkje lenger.
Episode 23: Grip sjansen, Side 6
Fugl
Kurr! Kurr! Kurr! Kurr!
Pepar
Veit du, Gulrot, eg trur det er slik det er å verta vaksen.
Å unngå snarvegar. Å verdsetja det å gjera ein innsats.
Det har ikkje noko føre seg å vera misunneleg på at andre gjer det bra!
Episode 23: Grip sjansen, Side 7
Skrift
Kjendis
50 000 Ko
Safrans suksess
Mote
Fenomenet Safran
Chic
Safran-spesial
Pepar
Ein dag vil lukka smila til oss òg.
Lyd
Bsooom!
Skrift
Kjendis
Fr. Dues jetsettliv
Mote
Fenomenet fr. Due
Chic
Fr. Due-spesial
Forteljar
– SLUTT –
Episode 23: Grip sjansen, Side 8
Bidragsytarar
August 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer
Korrektur og forbetring av dialogen: Alex Gryson, Calimeroteknik, Nicolas Artance, Valvin og Craig Maloney.
Hjelp med biletmanus og iscenesetjing: Calimeroteknik og Craig Maloney.
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
Programvare: Krita 3.1.4 og Inkscape 0.92dev på Linux Mint 18.2 Cinnamon
Lisens: Creative Commons Attribution 4.0
Pepar og Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 879 som støtta denne episoden:
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy